Mann i 50-åra meldt sakna
Politiet bistår i leitinga.
Operasjonsleiar Frode Kolltveit opplyser at eit familiemedlem har meldt mannen sakna. Mannen er i 50-åra, og er ikkje sett på dei siste to døgna, ifølgje politiet.
Politiet har per no ikkje igangsett redning, men bistår familie i leiting etter vedkomande med eigne styrker på ulike stader i Os.
Annonse
— Vedkomande som er sakna er ca 180 cm og har mørkt, kort hår. Tynn og framstår noko uflidd. Ingen beskrivelse på bekledning per no, opplyser Kolltveit.
Ved eventuelle tips og observasjonar, kan ein ta kontakt med politiet på tlf. 02800, evt 112.