Politiet stoppa scooter: Ein mann i 50-åra er mistenkt for køyring i påverka tilstand etter å ha blitt stoppa av politiet torsdag.

Mann i 50-åra på scootertur hadde ikkje gyldig førarkort, men det stoppa ikkje der

Politiet fann mykje som ikkje stemte då dei stoppa ein mann i 50-åra på scooter.

— Politiet stansa førar utan gyldig førarkort på scooter. Det er også mistanke om køyring i påverka tilstand. Sjåføren blei køyrd til Haukeland Universitetssjukehus for blodprøve. Det er oppretta sak. Politiet tok også skilta på scooteren grunna begjæring, opplyser politiet.

Torsdag kveld kom det melding til politiet om ei utforkøyring ved Lyse Kloster. Politiet har vore på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Bilen stod ute på eit jorde, og har truleg stått slik ei stund. Det var ingen personar ved bilen, og politiet avslutta på staden, skriv vakthavande i ein e-post til avisa.

Denne meldinga kom rett før klokka 22 torsdag.

Ein knapp time seinare, kom det inn melding på nett om tjuveri av bil.

— Det kom melding om at meldar sin bil hadde blitt stolen i tidsrommet 19.00-20.30 på parkeringsplassen ved Os kyrkje. Bilen er ein raud Honda Civic 1997-modell. Meldar melde forholdet på nett. Bilen er i skrivande stund ikkje formelt meld stolen, opplyser politiet.