Melding om trafikkulukke i tunnel på E39
Bil skal ha snurra like før Skogafjellstunnelen.
Torsdag klokka 23.45 blei det meld om trafikkulukke i Skogafjellstunnelen. Det opplyser Vest politidistrikt på X.
Til Bergens Tidende fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ein bil skal ha snurra like før tunnelen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har skjedd på Os-sida i retning Bergen. Førar framstår uskadd, seier han til BT.
Bilførar skal ha vore aleine i bilen.
Det blei vidare opplyst om oljesøl i vegen og at bilen måtte hentast av bilbergar.
Eit par timar seinare melde Vegtraikksentralen Vest at vegen og tunnelen er opna for fri ferdsel igjen.