Minneord om Ottar Askvik

Piloten Ottar Askvik, har landa, drygt 91 år gamal, og den eldste og siste sonen til Magnus Askvik, har såleis gått ut or tida.

Med det er det som lyt karakteriserast som eit langt, spennande og innhaldsrikt liv, kome til endes.

Samstundes har ein flik av den lokale flysoga lukka seg. Men ikkje heilt. Sogene om dristige jagarfly-stunt innover Søre Neset vil nok framleis leva vidare mellom folk i den store bygdeforteljinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha snusa på fleire slags utdanningsvegar, mellom anna ein kort tur til sjøs, blei han relativt tidleg pensa inn på flyvåpen, pilotutdanning og vidare yrkesliv bak spakane.

Det førte han til mangeårig engasjement som flygar og kaptein i SAS si teneste med Asker som buplass og base.

Dette arbeidet var han levande opptatt av, og det fortel noko om det sterke engasjementet at han, ved oppnådd pensjonsalder, jobba vidare for privat selskap frå Torp flyplass og var instruktør ved flysimulatoren i Stockholm.

Men mennesket Ottar Askvik? Eg opplevde han nært gjennom mange år, som den humørfylte, sosiale og verdsvande som travel og rastlaus hadde verda som sin arena.

Så var det etter kvart også ein annan Ottar som stadig tydlegare kom til syne. Den omsorgsfulle, den inkluderande som ved ulike møtestunder raskt spurde korleis det stod til og som var klar med oppfylgjande spørsmål.

Det er ikkje alle som har slike eigenskapar og som evnar å bruka dei. Ottar gjorde. Desse karaktertrekka fekk han ikkje minst høve til å spela ut i høve til barnebarn og nær familie.

Dei kom også tidleg til syne i høve til dei to små-systrene som han og brørne utvikla så nært forhold til. Eit sterkt vitnemål om nett det, var då Ottar som 16-17 åring hadde hyre om bord på «Hada County» og brukte fyrste lønsutbetalinga til å kjøpa flotte porselens-dokker som julegåve til systrene.

Me kan ikkje sleppa piloten heilt, og tida då han saman med broren, Ingemar, dundra lågt innover heimetraktene på Haugland. Det var mesta som folk gjekk og venta på at det skulle skje. I alle høve galdt det for elevar og lærarar på Søre Neset skule. Når jetflyduren nådde dei, og dei skjøna kva som var i vente, bar det opp på Heio ved ungdomshuset for å sjå og oppleva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tidleg instruks frå Magnus Askvik var at utmarsjen frå skulestova skulle skje i rolege og ordna former. Men det utvikla seg rimeleg kjapt til lynsnar evakuering der skulestyraren sjølv ofte var den fyrste på plass ute for å vinka til sonen som helsa med vengjene før kursen blei sett tilbake til basen på Sola.

Etter kvart spann det seg mytar kring desse overflygingane om kor lågt dei eigentleg fauk. Under kraftliner og bruer meinte somme, utan at slike utsegner nokon gong blei sjekka ut.

Sikrare var det derimot at søre-nesingen på fiske som reiste seg i båten og vinka med den kvite skjorta då Starfighteren kom susande, etterpå merka at skjorta var sotfarga av eksosen frå jetmotorane.

Med trygg og god base i Asker, vende Oskar Askvik stadig oftare tilbake til heimetraktene på Haugland i ord og tanke.

Det er vel gjerne slik i den siste livsfasen at rotfeste, forankring og det å høyra til, blir blankpussa verdiar.

Det er ikkje tvil om at det var sterke band som feste han til Haugland, Askvik og Os-bygda.

Fred over Ottar Askvik sitt gode minne.

Lars Olav Fatland

Artikkelen held fram under annonsen.