Utbetra: Det tekniske anlegget er utbetra. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

No kan symjehallen opna att

Har vore stengd grunna tekniske problem.

Svømmehallen i Eikelandsosen opnar for vanleg bruk igjen i morgon, tysdag 24. januar, etter å ha vore stengt ei tid på grunn av tekniske problem. Det opplyser kommunen på sine heimesider.

– Det tekniske anlegget er utbetra. Dermed kan både skular og andre gjester på dagtid igjen bruke hallen som vanleg, og etter oppsett plan. Den opne publikumsbadinga startar opp att tysdag kveld, skriv kommunen.