
Nora er blitt fast medlem av Ballspark: – Ho er det yngste medlemet me har hyra inn
Med både Vegard Leikvoll Moberg og Nora Blindheim Nøss, er Bjørnafjorden sterkt representert i Bergens Tidenes sitt Ballspark-team i 2025.
– Me er veldig glade for å få Nora med i teamet. Til liks med Fredrik Haugen og Vegard Leikvoll Moberg blir Nora fast medlem denne sesongen, fortel sportskommentator i Bergens Tidende, Anders Pamer.
Han trekkjer frem fleire eigenskapar som gjer at Nora passar godt.
– Me har ganske mange unge lyttarar. I så måte passar det veldig bra at me får inn Nora. Ho er vårt yngste medlem i Ballspark nokosinne.
Til dei som måtte innvenda at ho er vel ung til å vera ekspert, kontrar Pamer slik:
– Ho er 19 år og har brukte heile livet sitt på å bli ein så god fotballspelar som mogleg. Den erfaringa, og det at ho framleis spelar på høgt nivå, gjer ho til ein god ekspert som forstår kva som skal til for å nå langt, seier Pamer.
Måndag var Nora med på si tredje sending med Ballspark. Episoden i den prisbelønte podkasten (Ballspark vann prisen for årets podkast i Noreg på Sportskonferansen 2025, journ.mrk) vart leia av journalist Mads Bøyum. Dei to andre gjestene var frå Bjørnafjorden.
– Det var litt tilfeldig. Dei andre i Ballspark er på Marbella. Då passa det slik at Vegard og eg vart inviterte, fortel Nøss.
Moberg underteikna kontrakten med Ballspark like etter nyttår. No har også nabojenta frå Vågshaugen skrive under.
– Det blir veldig kjekt. Eg gler meg aller mest til å vera med i Ballspark-teamet på kamp på Stadion.

Ekspert og kvinneleg alibi
Til no har Nora vore med både som reporter frå indre bane i ein treningskamp på Åsane Arena og i studio i BT sine lokale i Bergen Media City.
19-åringen tek det som eit kompliment at ho i såpass ung alder får ei rolle som ekspert.
– Dei ønskte nok ei dame etter at Renate (Blindheim, journ.mrk) gav seg, men eg trur det er fleire grunnar til at dei ville ha meg med. Eg er den einaste i teamet som framleis spelar aktivt på høgt nivå, seier ho, vel vitande om at Moberg har trappa ned og skal spela 3. divisjon med Os.
– Har du rokke å bli varm i trøya?
– Det kjem seg. Det er ei veldig uhøgtideleg stemning, så det er ikkje så skummelt.
– Korleis går det med fotballen? Det blir Arna-Bjørnar også denne sesongen?
– Ja, det blir det. Eg har vore litt skadd i vinter, men no er eg tilbake for fullt. Eg gler meg til å ta fatt på ein sesong der me kan få øva litt på eige spel, bli betre på å styra kampar og ta steg både som enkeltspelarar og lag.
– Det kan bli kjekt å vinna litt kamper igjen?
– Ja, det har ikkje vorte så mange sigrar dei siste åra i Toppserien. Me håpar jo at det skal bli ei endring på det no når me er i 1. divisjon, avsluttar Nora.