Ny storaktør klar for Lyseparken
Med 220 tilsette og eit hovudkontor på 17.000 m2, trer Måkestad Engros inn i rekkja av nye, store aktørar som etablerer seg i Bjørnafjorden.
Om alt går i orden med reguleringsplan og anbod, kan det verta byggjestart i løpet av 2026 og ferdigstilling av det 17.000 m² store hovudkontoret til matvaregrossisten i løpet av 2027.
Nærmar seg utseld
– Me er veldig glade for at de er til stades. Som ordførar er det veldig kjekt å sjå resultata av det me starta på for mange år sidan då me kjøpte opp råareal til framtidig næringsskaping langs nye E39, seier ordførar Tere Søviknes under signeringa onsdag føremiddag.
— Det nærmar seg utseld i Lyseparken, og det er veldig kjekt at me får på plass den eine aktøren etter den andre. Det er utruleg kjekt å få følgja denne reisa, legg ordføraren til.
Dag-Jarle Aksnes som er styreleiar i Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS), kan nøgd konstatera at det er god interesse for tomtene i Lyseparken.
— Me er kresne på kven me slepp inn i Lyseparken. Måkestad er ein kunde me kjenner godt frå før og som me er verkeleg glade for å få inn. For oss er det viktig å ha gode naboar i næringsparken, seier Aksnes.
Tre generasjonar Måkestad
Oddvar Måkestad tok over som eigar av Måkestad etter far sin i 1977. Seinare har alle dei sju borna til Oddvar vorte involverte i milliardbedrifta.
– Det vart nokre køyreturar til Lyseparken før eg var overtydd om at me skulle landa her. Då me flytta til Flesland i si tid, var eg sikker på at det var siste gongen me flytta på oss. Men der tok eg feil, fortel Oddvar Måkestad.
I 2024 anskaffa matgrossisten seg eit ekstra lokale i Åsane. Dette lokalet skal leigast ut når det nye og større lokalet er klart i Lysefjorden.
– Me fann tidleg ut at plasseringa var fin og at me når breitt ut til kundane i alle retningar herifrå. Prosessen har vore veldig fin. Det er mykje BUS si forteneste - med sine representantar og gode ambassadørar - at me hamna her. Me har seriøse aktørar rundt oss på alle kantar og det er god logistikk rundt lokasjonen, seier brørne Odd Øyvind og Geir Ove Måkestad.
1,6 milliardar i omsetnad
Det nye hovudkontoret til Måkestad Holding blir sjølve hjartet for all distribusjon på Vestlandet. Dei har også sikra seg område rundt den nye tomta, slik at dei kan ekspandera vidare.
Eurosupply som er ein del av Måkestad-konsernet og leverer proviant, forbruksmateriell og teknisk utstyr offshore, skal også inn i dei nye lokala i Lyseparken.
– Me har mange varegrupper. Fordelen vår er at me kan levera alt i éin bil og same pakke. Det er energieffektivt og meir skånsamt for miljøet, påpeikar Geir Ove Måkestad.
Bygg og miljø er viktig for Måkestad-bedrifta, og at alt no vert samla i eitt bygg med fokus på gjenbruk av energi, er ein viktig faktor for å byggja nytt.
Lokalet får den nyaste teknologien for lagerlogistikk.
– Måkestad skårar 10/10 på miljø og bygg, skryter Aksnes i BUS.
— Positivt for lokalmiljøet
Dei tilsette vart informert om flyttinga tysdag. Tilbakemeldingane skal ha vore utelukkande positive.
– Me har jo tilsette her i kommunen som får seks minutt reiseveg, og det var fleire andre som fortalde at dei kjem til å sjå seg om etter bustad i Bjørnafjorden. Det er vel oss det går mest utover, smiler Tor-Inge Måkestad og siktar til at stort sett heile Måkestad-familien bur på Askøy, ein halvtimes køyretur unna Lyseparken.
– Dette blir positivt for lokalmiljøet og vil generera pengar tilbake til det lokale næringslivet, seier Odd Øyvind Måkestad.