Raskt kontroll: Brannvesenet fekk raskt kontroll over pipebrannen i Lekvenvegen, fortel Eivind Hovden - brannsjef i Bjørnafjorden brann og redning.

Pipebrann i Lekvenvegen: — Brannen var isolert til pipeløpet

Brannvesenet rykte laurdag formiddag ut til pipebrann i Lekvenvegen.

Det var i 12-tida laurdag at brannvesenet fekk melding om pipebrann i Lekvenvegen. Innsatsleiar Eivind Hovden fortel at dei har kontroll på staden.

— Nett no feiar vi ut av pipeløpet. Det har vore ein pipebrann, som ikkje har gått over i konstruksjonen, men som var isolert til pipeløpet, seier Hovden.