William Lindborg i Os sentrumsforening, Berit Steen og Veronica Halhjem ved Oseana, og Tarjei Skeie og Cato Larsen i Bjørnafjorden Bryggeri er i full gang med å planleggja ny ølfestival.
William Lindborg i Os sentrumsforening, Berit Steen og Veronica Halhjem ved Oseana, og Tarjei Skeie og Cato Larsen i Bjørnafjorden Bryggeri er i full gang med å planleggja ny ølfestival.

Planlegg ølfestival samtidig med Osdagane

Entusiastane bak nystarta Bjørnafjorden Bryggeri, Os sentrum og Oseana inviterer til ølsmaking og heimebrygg-konkurranse på festival i juni 2018.

Torgeir Skeie og Cato Larsen startar med tre andre kameratar opp bryggeri i desse dagar, og har førebels fått tilhald i gamle Bahusfabrikken (Også kjent som Os Næringspark).

– Bjørnafjorden Bryggeri har søknad inne hjå helsedirektoratet no, og dersom den går i orden vil me starta med brygging for sal, seier Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg jobbar dei no for å laga ein oppskalert utgåve av ølfestivalen, som vart arrangert for første gong i 2015. Dei har fått med seg Os sentrumsforening og Oseana kunst- og kulturhus som medarrangørar.

– For oss er det heilt glimrande at eit lokalt bryggeri kan stå som arrangørar av festivalen, med den kunnskapen dei sit på. Og så ønskjer me å kopla Ølfestivalen saman med Osdagane, seier William Lindborg.

Osdagane er det nye namnet på marknadsdagane som finn stad kvart år i slutten av juni.

– Me har merka oss at det alltid er fint vêr når det er ølfestival. Marknadsdagane brukar alltid å ha regn, så i år tenkjer me å få litt sol frå dei, smiler Lindborg.

Heimebrygg-konkurranse

I år legg dei opp til å gjera ølfestivalen endå større enn han har vore.

– Besøkstalet har lege på rundt 500 personar, og mellom 7 og 10 bryggeri. I år ønskjer me å dobla talet på både besøkjande og bryggeri, seier arrangementssjef ved Oseana, Berit Steen.

I tillegg til tradisjonell ølsmaking og føredrag om kunsten å produsera dei edle dropane, blir det i år heimebrygg-konkurranse med ein spesiell premie.

– Den som lagar det beste heimebrygget vinn sjansen til å få produsert det i våre lokale i Bahusfabrikken, seier Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter vonar dei at både lokale pubar og andre vil ta dette ølet inn i sitt sortiment.

Skjer mykje spanande på ølfronten

Dei prøver å få invitert representantar frå nokre av dei mest spanande mikrobryggjeria i regionen vår.

– Det føregår så mykje spanande på ølfronten no, og mange gamle tradisjonar blir vekt til live, seier Cato Larsen.

– Fleire stader i fylket har dei sine lokale ølbryggjartradisjonar basert på lokale gjærstammer som har vore halde i live i mange hundre år. Ølet som kjem frå slik produksjon har ein heilt spesiell karakter, og det hadde vore utruleg kjekt å få nokre som driv på med noko spesielt til å koma, seier Skeie.

I tillegg vil det bli kurs i ølbrygging. Om det blir kurs for nybyrjarar, vidarekomne, eller for dei avanserte er ikkje avgjort enno, men meir informasjon kjem på nyåret.

Ønske og idear for festivalen kan sendast til Bjørnafjorden Bryggeri påpost@bfbryggeri.no

ol@osogfusa.no