Leiteaksjon i Os:
Mannen er funnen
Politiet fekk gode tips på tipstelefonen, og takkar alle for hjelpa i leiteaksjonen.
Like før klokka 19 søndag kveld stadfestar politiet at mannen er funnen, og i god form. Operasjonssentralen opplyser at han vart funnen tett på Osøyro,.
– Vi har oppretta tipstelefon, og der kom det inn eit tips som gjorde at vi fann han, fortel operasjonssentralen i politiet.
Mannen vart sist sett tysdag 14. april. Han bur åleine, men vart meldt sakna av pårørande.
- Vi har alt tilgjengelig mannskap ute
Politiet, brannvesenet, frivillige og Raude Kors starta aktiv leiting søndag etter mannen i 50-åra som vart meldt sakna torsdag.
– Frivillige er på staden med mannskap og drone. Båtressursar frå brannvesenet og Røde Kors er på veg, opplyste politiet søndag morgon.
Røde Kors-huset var sentral for leitinga. 20 personar, inkludert Røde Kors og Norsk Folkehjelp, var ute og søkte i eit avgrensa område.
– Vi har alt tilgjengeleg mannskap ute no og leitar. Vi går ikkje inn på tal, men vi får hjelp av Heimevernet som skal hjelpa oss og bistå i søket, fortalde korpsleiar i Os Røde Kors, Arne Aakvik, søndag morgon.
Då hadde dei leita sidan midnatt, og hatt oppe fleire dronar.
Leita både på land og i vatn
Innsatsleiar Frode Selven frå politiet kunne stadfesta at dei hadde fått hjelp av rundt 40 personar frå Heimevernet. I tillegg var både brannbåten og Røde Kors-båten på vatnet.
– Vi har ingen tydeleg modus. Han kan eigentleg vera kvar som helst. No konsentrerer vi oss om nærområdet, og så får vi utvida søket etter kvart, fortalde Selven søndag føremiddag.
Pårørande ville gå ut med bilete
Mannen var sakna frå ein bustad i Os-området. Søket vart avbrote torsdag, då opplysningar tilsa at det ikkje var behov for politiets innsats lenger. Det vart då gitt livsteikn, som gjorde at pårørande visste at mannen var i live.
Søndagens søk starta etter ønske frå pårørande, då mannen enno ikkje var komen til rette.