E39: Politiet dirigerte trafikken forbi Søfteland fredag ettermiddag.

Difor gjekk trafikken seint forbi Søfteland skule fredag ettermiddag

Politiet dirigerte trafikken i ein time fredag ettermiddag etter ein påkøyrsel bakfrå på E39.

Trafikkuhelletl på Søfteland kl. 17 fredag ettermiddag var av den klassiske sorten. Ein bil køyrde i bilen framfor seg i forkant av eit lyskryss.

Det vart mindre materielle skader på bilane og partene ordna greitt opp seg i mellom med skademelding og forsikring.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Sjølve uhellet var ikkje noko sak for oss, men vi kom til staden for å dirigera trafikken fram til ein fekk opna for normal ferdsel like før kl. 18, seier politioverbetjent Atle Birkeland ved Os lensmannskontor.