Takka befolkninga: – Denne tida har vist Noreg på sitt aller beste. Eg vil på vegner av regjeringa seia tusen takk til alle saman, sa Erna Solberg.

Presenterte nye tiltak: - Kontrollert og gradvis opning

Sammen, kontrollert og over tid var nøkkelord då statsministeren presenterte dei nye koronatiltaka tysdag ettermiddag.

Dei nye tiltak er som følgjer:

Barnehagar opnar frå 20. april

Artikkelen held fram under annonsen.

27. april opnar skulane for 1.– 4. trinn, skulefritidsordninger og vidaregående skular for elevar som skal ut i lære neste år.

Same dato opnar ein for studentar som er på slutten av studiet og er avhengige av å vera på universitet.

Det skal også lagast ein bransjestandard for smittevern slik at helsefaglege verksemder utanfor spesialisthelsetenesta, som for eksempel psykologar, fysioterapeutar og kiropraktorar, kan halda ope frå tidlegast 20. april.

Ein tilsvarande bransjestandard skal lagast for andre verksemder med ein-til-ein-kontakt, som for eksempel frisørar, hudpleie og massasje, slik at dei kan halda ope frå seinast 27. april, men tidlegast når bransjestandarden er klar.

Hytteforbodet vert oppheva 20. april.

Erna Solberg sa på pressekonferansen at regjeringa «har bede om mykje frå kvar enkelt» og at «svaret vi har fått er enorm tålmodigheit og ynske om å bidra, sjølv om vi no saknar alt vi elles tek for gitt. Vi lyttar hensynsfullt til dei råda som vert gjeve».

– Denne tida har vist Noreg på sitt aller beste. Eg vil på vegner av regjeringa seia tusen takk til alle saman, sa Solberg.

Ho sendte også sine tankar til dei som no går inn i påsken utan sine kjære rundt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne krisa har ein svært høg pris.

Statsministeren sa også at krisa har ramma næringslivet hardt, og forsikra om at regjeringa «gjer alt dei kan for å slå ned smitta og sikra at jobbane også er der etter krisa».

– Vonleg vil tiltaka gjera ein svært krevjande situasjon litt betre. Eg forstår dei som synest det tek for lang tid. Men lukkast me, kan me sleppa meir opp, Lukkast me ikkje, må me stramma inn att.

Ho konstaterte at tiltaka kostar, men at det er verdt det.

- No er det grunn til forsiktig optimisme. Smittekurven har flata ut. I fellesskap har vi nådd målet om eit smittetal på under 1. Det har me gjort gjennom godt lagspel. No er jobben å halda kontrollen. Difor vil vi halda fast på det vi veit verkar. Vi skal vidareføra stragegien om å slå ned viruset, med nokre justeringar, kontrollert og over tid.

Statsministeren understreka at det no må gode smitteverntiltak på plass og at det skal utarbeidast standardar for dette som skal vera klare før den gradvise opninga.

– Tilsette og føresette skal vera trygge på smitteverntiltaka og at ein har det utstyret som trengst, før ein opnar opp gradvis, sa Solberg.

Alle større kultur- og idrettsarrangement er forbodne fram til 15. juni. Innan 1. mai vil regjeringa koma attende med ei ny vurdering for resten av sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om vi no opnar litt opp, vil eg på det sterkaste understreka at det ikkje betyr at vi kan bli meir uforsiktige på andre område. Både når det gjeld grupper, forsamlingar, uteliv etc, gjeld dei same avgrensingane. Det same gjeld handhygiene, karantenereglar og isolasjon, og at ein må halda seg heime dersom ein har symptom. Dei som kan ha heimekontor vidare, må ha det. Slepp vi opp, kan dette koma ut av kontroll att, og då må me stramma inn igjen, sa Solberg.