Inga bøn: Ved manglande EU-kontroll har ikkje politiet noko anna val enn å klippa skilta.

Promillekontroll, avskiltingar og pipebrann

Berre i helga klipte politiet i Os tre bilskilt grunna manglande EU-kontroll.

Fredag fortalde lensmann Oddbjørn Dyrdal at altfor mange osingar ikkje har føreteke periodisk køyretøykontroll, såkalla EU-kontroll, innan fristen.

«Me klipper nok åtte-ti skilt i veka. Om me har ekstra fokus på det, kan det til og med vera fleire», sa han då.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av helga vart ytterlegare tre bilar avskilta.

– Vi minner nok ein gong om at ein må hugsa å få utført denne kontrollen, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Ingen promille

Laurdag føremiddag vart det gjennomført promillekontroll på Ulvenvegen. 58 bilistar vart stogga og kontrollerte, utan at det var naudsynt med reaksjonar.

Pipebrann som ikkje var pipebrann

Os brann og redning rykte søndag ettermiddag ut til ein mogleg pipebrann på Moberg.

Vel framme kunne dei konstatera at det berre var røykutvikling, og ikkje nokon brann. Dermed ser det altså ut til at det, trass ordtaket, kan bli røyk utan eld.