Heile landet: Ein del kommunar har allereie skjenkestopp, men no vil altså restriksjonen gjelde for heile landet.

Regjeringa innfører nasjonal skjenkestopp

Det blir forbode med skjenking av alkohol over heile landet frå torsdag 25. mars, opplyste helseminister Bent Høie (H) tysdag.

Ein del kommunar har allereie skjenkestopp, men no vil altså restriksjonen gjelda for heile landet.

Sidan 23. februar har dei nasjonale reglane vore skjenkestopp klokka 22.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
- To meters avstand og maks to gjester på besøk
Les også
Høie: - Difor må vi innføra nasjonale innstrammingar no - sjå tiltaka

Stans i innandørs idrett

Regjeringa innfører forbod mot all innandørs idretts- og fritidsaktivitet for vaksne over heile landet.

Desse reglane gjeld allereie i ei rekkje kommunar, mellom anna i heile Oslo-området. Reglane blir no gjort nasjonale.

Til liks med tidlegare får toppidrettsutøvarar unntak frå forbodet om organisert idretts- og fritidsaktivitet.

Karantenehotell

Personar som kjem frå det som blir rekna som ei unødvendig utanlandsreise, må no vera heile karantenetida på karantenehotell.

Tidlegare har personar på karantenehotell hatt høve til å testa seg ut av karantenehotellet på dag tre.

– Det blir ikkje lenger mogleg for personar som kjem frå det som blir rekna som ei unødvendig utanlandsreise, seier Bent Høie (H).