Regjeringa opnar for inntil fem gjester i heimen
Regjeringa fjernar rådet om å unngå å ta imot gjester heime, men tilrår framleis at folk avgrensar sosial kontakt.
– Vi tilrår at alle i størst mogleg grad framleis avgrensar sosial kontakt. Det blir oppmoda til å møta andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar i tillegg til husstandsmedlemer, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho måndag orienterte i Stortinget om koronatiltaka.
Statsministeren understreka at dersom alle gjestene kjem frå same husstand, kan ein vera fleire. Men ein må likevel ikkje vera fleire enn at ein kan halde avstand.