Testing: Sharo var blant dei som testa seg i Kolskogen på laurdag. Han hadde få problem med å takla den lange kutipsen opp i nasen.

Sist helg var det rekordmange innom teststasjonen: Slik var det i dag

Sist helg pressa ein gjennom 500 personar på teststasjonen i Kolskogen. Slik oppsummerer Jonas Dale Nordvik denne laurdagen.

— Me er tilbake til normalen. At pågangen for å testa seg no, er såpass låg, viser at tiltaka me har gjort har fungert. Me stod veldig på for å få kartlagt situasjonen. No har me kontroll, og då er det også færre som testar seg, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Sist helg hadde dei fire personar på jobb på teststasjonen i Kolskogen. Då Os & Fusaposten var bortom på laurdag, var det berre to.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me har 45 personar som skal testa seg i denne gruppa her, totalt blir det kring 100 i dag, smilte jenta med den lange nase-kutips-stonga.

To nye tilfelle

Dei siste dagane er det berre meldt om to nye tilfelle av koronasmitte.

— Begge med kjend smitteveg, mellom anna frå utbrotet på Os ungdomsskule. Me kan godt seia at me har kontroll nett no, og at situasjonen i kommunen er oversiktleg, seier Nordvik Dale.

Totalt har 200 personar meldt seg for testing i Kolskogen denne helga.