Fullt mannskap: Os Taxi stiller med fullt mannskap på nyttårsaftan.

Skal du ha taxi etter at rakettane går i lufta, må du ha litt tolmod

Os Taxi stiller med fullt mannskap på nyttårsaftan, men bed folk smørja seg med tolmod etter midnatt.

— Fram til klokka 24 er det mogleg å førehandsbestilla taxi, men etter det, må me berre ta oppdraga etter kvart som dei kjem, slår Tor Anders Hauge i Os Taxi fast.

Han er klar på at det ikkje løner seg å skulla henta passasjerar til faste tidspunkt på nattestid på nyttårsaftan.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me har opplevd fleire gonger at det ikkje går. Då kjem me kanskje til avtalt tid klokka 02.00 berre for å oppleva at kundane ikkje vil heim nett då likevel, og så har me det gåande. Nei, ein slik kveld må folk heller bestilla, tola å venta litt og ta taxien når han kjem, slår Hauge fast.

Les også
– Det er berre greitt for oss om folk er tidleg ute

Litt sjukdom

Også i Os Taxi har det vore ein del sjukdom denne jula. Hauge håpar alle sjåførar er disponible på nyttårsaftan.

— Me bruker å køyra fullt mannskap på slike kveldar. Alle sjåførar og alle bilar skal vera i drift. Om alle er friske, har me i alle høve 16 bilar ute.

— Har du eit tips til folk som ikkje får taxi akkurat når dei ønskjer?

— Ver tolmodig. Så lenge det er oppdrag, vil me køyra, så det er berre å venta. Om naudsynt, køyrer sjåførane våre til godt ut på morgonkvisten og vel så det, seier Hauge.