Stengjer dørene: Solstrand Hotel & Bad ser seg nøydd til å stengja dørene inntil vidare som følgje av spreiinga av koronaviruset. (Arkivfoto)

Solstrand Hotel & Bad vert stengt: – Vi er svært leie oss for at nesten alle tilsette må permitterast

Frå fredag klokka 16 stengde Solstrand Hotel & Bad inntil vidare som følgje av situasjonen kring koronaviruset.

Det går fram av ei pressemelding frå hotellet.

– I lys av Helsedirektoratet sine påbod og tilrådingar det siste døgeret vurderer vi det som naudsynt å stengja hotellet inntil vidare. Vi er svært lei oss for at nesten samtlege medarbeidarar må permitterast, seier daglig leiar Børrea Schau-Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho viser til at Helsedirektoratet har vedteke stenging av symjebasseng og velværetilbod, bar og generell restaurantverksemd. I tillegg, for å førebyggja spreiing av koronaviruset, vert folk og verksemder oppmoda om å ikkje føreta reiser eller møte som ikkje er strengt naudsynte.

– Regjeringa kom i går med strenge restriksjonar og vi vart tvungne til å stengja vesentlege delar av hotellet vårt. Opplevinga vår er at det norske samfunnet tek ansvar. Dei siste dagane har private gjester, Vestlands-bedrifter og det offentlige avlyst arrangementa sine hjå oss. Vi meiner dette er den mest ansvarlege avgjerda vi kunne ta ut frå situasjonen, seier Schau-Larsen.

Ho legg til at dersom det på noko tidspunkt skulle vera trong for at verksemder som Solstrand bidreg til samfunnsteneste, stiller vi oss til disposisjon.

– Vi ser frem til å sjå medarbeidarane og gjestene våre på Solstrand så snart situasjonen tillet det, går det fram av pressemeldinga.