Ute av verda: Dagleg leiar av YX-stasjonen på Røykenes, Erling Andersen, her saman med bror, Dag Andersen, fortel at saka om dieselfyllinga no er ute av verda.

«Stakk frå dieselrekninga»: – Ei misforståing

Personen som «stakk frå rekninga» på YX-stasjonen på Røykenes, har gjort opp for seg.

I ein e-post til Os & Fusaposten skriv dagleg leiar av YX-stasjonen, Erling Andersen, at dei har fått kontakt med føraren av bilen som køyrte frå dieselfyllinga i går føremiddag.

– Det var ei misforståing av/med betalingsautomaten. Oppgjeret for dieselfyllinga er motteke, og saka er ute av verda, påpeikar Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fekk melding om «bensinstikk» frå bensinstasjon: Vurderer å melda forholdet