Stengd for trafikk: Byvegen utanfor Lucianos blei stengd torsdag som følgje av vassleidningsbrotet.

Stengde vegen for å få arbeidsro

— Vegen er uansett stengd rett bortanfor, og det er redusert trafikk på staden.

Det seier Kenneth Moland i Bergen Vann om vegstenginga på Byvegen.

Etter vassleidningsbrotet utanfor Lucianos torsdag morgon, vert det i skrivande stund utført gravearbeid for å koma til brotet. I samband med dette er vegen stengd frå krysset ved Lundehjørnet og bort til avkøyrselen til Stegen, nokre meter bortanfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før av er som kjend vegen stengd eit godt steinkast retning nord på Byvegen. Frå krysset ved avkøyrsla til Holtbrekka og opp til krysset ved Jordmorsvingen, skal det etter planen gå før seg arbeid fram til jul.

Truleg ferdige i natt: Det vert opplyst at arbeidet etter planen skal vera ferdigstilt i natt, og at vegen vert opna for trafikk fredag morgon.

Då avisa snakka med Moland, kunne han ikkje seia så mykje om vassleidningsbrotet.

— Eg veit ikkje meir enn at det er snakk om eit stort brot. Det blei stengd ned relativt kjapt. Per no er det berre bygget der bingoen held til som er utan vatn, seier han og legg til:

— Vegen er heilt stengd for å kunna jobba raskare. No slepp ein å forholda seg til trafikken.

— Kva tid vil vegen opna att?

— Vi reknar med at det blir arbeid på staden utover natta. Det skal også fyllast i etter at arbeidet er omme. Vegen vil nok vera open att fredag morgon, seier Moland.

Det er Løvaas Maskin AS som utfører gravearbeidet. Dagleg leiar, Eirik Løvaas, viste til Bergen Vann for uttale.