Oppdatert: Har fått orden på straumproblema i Os-området

Fleire bustadar i Os har vore ramma av straumbrot tysdag formiddag. No skal problema vera utbetra, og BKK melder om 0 råka kundar.

Ifølgje BKK var det på det meste snakk om i overkant av 2.200 kundar som var råka.

— Me har to feil i Os-området av Bjørnafjorden denne førmiddagen. Den eine rammar 2.200 kundar i området Lønningdal til Osøyro og nokre område på Halhjem. Den andre feilen rammar folk i Hegglandsdalen, fortalde pressevakt i BKK, Per Rune Henriksen, tidleg tysdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då me snakka me Henriksen, jobba dei på tre stasjonar for å sjå etter kabelfeil. Angåande straumbrotet i Hegglandsdalen er det snakk om ein jordfeil.

– Dette problemet kan ta noko meir tid å få løyst, slo Henriksen fast.

Klokka 11.35 opplyste BKK at talet råka kundar er 201, og at dette gjaldt området Hjellevegen/Borgavegen.

Tysdag ettermiddag melder BKK at feila er utbetra.