I dette krysset skal den no 57 år gamle mannen  (innfelt er politiets fantomteikning) ha overfalt og valdteke ei 20 år gamal kvinne.
I dette krysset skal den no 57 år gamle mannen (innfelt er politiets fantomteikning) ha overfalt og valdteke ei 20 år gamal kvinne.

Tiltalt 15 år ettter overfallsvaldtekt i Os

Den tiltalte 57-åringen frå Os nektar straffskuld.

Det var i fem-tida på morgonen 28. august 2004, at den då 20 år gamle kvinna skal ha blitt overfalt og valdteken i krysset ved 7-Eleven/Holtbrekka.

Nrk.no skriv at mannen i fylgje tiltalen har «bore og slept kvinna inn i eit skogsholt, halde henne fast og valdteke henne.»

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2018 vart mannen meld for ei anna valdtekt, og DNA-prøva i saka matcha den gamle valdtektssaka.

Tok ut tiltale i dag

Torsdag tok statsadvokaten i Hordaland ut tiltale mot 57-åringen.

Bistandsadvokat for kvinna, Nanette Allers-Hansen, seier til nrk.no at klienten hennar håpar at saka no får sin ende.

– Samtidig er det ei krevande tid for henne og ei stor påkjenning, men ho vel å tolka tiltalen som at politi og påtalemakta trur på hennar historie.

anne-marie@osogfusa.no