Laurdag skal ein fest ha gått over styr i Lysefjorden. Om lag 40-50 ungdomar i alderen 15-17 år skal ha samla seg på ein parkeringsplass etter at festen blei avslutta. Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

To overstadig rusa tenåringar måtte ha hjelp

— Festen kom ut av kontroll i 21.30-tida.

Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland, ved Bjørnafjorden politistasjon.

Laurdag kveld blei det meld på Twitter at det var ein fest i området Lysefjorden som hadde kome ut av kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

40-50 ungdomar i alderen 15-17 år

I dag opplyser Birkeland at det var svært mange ungdomar som dukka opp utan invitasjon.

— Festen blei avslutta i 21.30-tida. Ei mindreårig jente var overstadig rusa og måtte få hjelp, skriv Birkeland.

Det gjekk berre ein halvtime før det kom ei ny melding frå om lag same område. Då hadde det samla seg 40-50 ungdomar i alderen 15-17 år, på ein parkeringsplass.

— Det var mange som ikkje kom seg heim frå festen. Her var det også ein ny overstadig rusa mindreårig. Føresette blei varsla også her, skriv Birkeland.

Trafikkontroll

Laurdag var Utrykkingspolitiet (UP) på plass ved Halhjemsvegen. Der skal det ha vore fem sjåførar som fekk forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 85 km/t i 70-sona, opplyser Birkeland.