Ugle i skorstein: Denne ugla sette seg fast og måtte ha hjelp frå brannvesenet for å koma seg fri.

– Ugla er eit rovdyr med nebb og klør. Det var heldigvis ikkje den største utgåva

Brannvesenet fekk ei noko uvanleg oppgåve søndag.

Søndag rykte Bjørnafjorden brann og redning ut til Lepsøy etter at dei hadde fått melding om ei ugle som hadde funne vegen ned ein skorstein.

– Dei hadde ikkje utstyr til å ta ugla ut sjølv. Difor køyrde vaktlaget ut, fortel branninspektør, Martin Østgulen Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje første gong at brannvesenet får eit slikt oppdrag, men Svendsen fortel at det ikkje akkurat skjer veldig ofte.

– Vanlegvis plar dei vera veldig sota til. Denne eldstaden var ikkje i bruk, så ugla var heilt rein. Då var det berre til å få på hanskar og utstyr og få ho ut, fortel Svendsen.

Slike oppdrag er ikkje heilt utan risiko. Om ugla er full i sot, må ein syta for at ho ikkje får flaksa rundt og sotleggja huset. Dessutan er det snakk om eit rovdyr.

– Ugla har nebb og klør, så ein må vera forsiktig. Heldigvis var ikkje dette den største utgåva. Då var det til å ta tak i ho, og få ho ut i det fri, og håpa på at ho ikkje flyg inn att, seier Svendsen og smiler.