Her skal det ha skjedd: Utforkøyringa skal ha skjedd på vegen til venstre i biletet, i nærleiken av PostNord. Foto: Torgeir Holme

Ung sjåfør samtykkjer ikkje i førarkortbeslag etter utforkøyring

Skal ha køyrd i grøfta før han hamna oppe på vegen att.

Det var laurdag kveld at det kom melding om ein bil som køyrde i grøfta i Endelausmarka.

Politi og ambulanse rykte ut til staden.

Det skal ikkje ha vore mistanke om ruskøyring, men føraren — ein mann på 19 år — blei fråteken førarkortet grunna dårlege dekk på glatt føre.

Det opplyste politiet på Twitter.

Det har kome tips til avisa om at det skal ha vore ein del merke i vegen, som kunne indikera sladding og uvørden bilkøyring.

Tipsar skal ha passert staden ei stund etter at forholdet fann stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjent Christine Grindstein, avkreftar at sladding med vilje, er årsaka til førarkortbeslaget.

— Det er kombinasjonen føreforhold/sommardekk som er bakgrunn for førarkortbeslag. Sjåføren har ikkje samtykka i beslaget. Det er oppretta sak på forholdet, Grindstein.