Prisvinnar Anne-Marie Aarøen Vangsnes er svært glad for utmerkinga og anerkjenninga frå Gullparaplyen sin jury.

Vann pris under Gullparaplyen

Journalist i Os & Fusaposten, Anne-Marie Aarøen Vangsnes, vart fredag kveld heidra for arbeidet sitt med legesaka.

Publisert Sist oppdatert

Fredag kveld gjekk NJ Bergen sitt årlege arrangement, Gullparaplyen, av stabelen i Bergen. Prisutdelinga fann stad på på ærverdige Grand Hotel Terminus, kor den beste journalistikken frå 2025 vart heidra.

Journalist i Os & Fusaposten, Anne-Marie Aarøen Vangsnes, var nominert i kategorien Årets lokale nyheitssak. Blant fem nominerte vart Aarøen Vangsnes si legesak, som stod på trykk våren 2025, kåra til vinnar. 

Juryen trekte fram det svært grundige arbeidet med artikkelserien, den omfattande dokumentasjonen som ligg til grunn og journalisten si evne til ikkje å gje seg i kampen for innsyn i ei svært viktig sak. 

Prisvinnar Aarøen Vangsnes er svært glad for utmerkinga og anerkjenninga frå Gullparaplyen sin jury. Frå scenen takka ho SUJO (Senter for undersøkande journalistikk) for svært god hjelp i arbeidet som strekte seg over meir enn eit halvt år.

— Denne saka føyer seg inn i ei rekke lege-avsløringar i media dei siste åra. Saker som viser at det trengst ei endring i systemet som skal halda pasientane trygge. Som journalist har eg lært at det er viktig å stå i det og ikkje gi seg, sjølv om du får mange nei undervegs, seier Aarøen Vangsnes. 

Ho legg til at dette er heile avisa sin pris, og nyttar høvet til å takka kollegaene i Os & Fusaposten etter utmerkinga.

Redaktør Jostein Halland er svært glad for at Aarøen Vangsnes sitt arbeid vert anerkjent. 

— Det var ei tung, utfordrande sak som kosta mykje å stå i. Samstundes var det ei viktig sak å belysa. Saka reiste fleire viktige spørsmål om systemet, rutinane og regelverket for legeautorisasjonar og tilsetjingar av legar. Saka skapte stor merksemd og fekk konsekvensar. I etterkant varsla Helsedirektoratet at dei ville gjera endringar i sine rutinar, seier Halland og held fram:

— All ære til Anne-Marie for jobben ho la ned i dette. Dette viser at god lokaljournalistikk nyttar og kan få positive konsekvensar, i dette tillfellet for pasienttryggleiken.

Powered by Labrador CMS