To oppdrag: Politiet melder om to oppdrag søndag.

Vart fjerna frå spisestad

Berusa mann forstyrra ro og orden.

Søndag kveld fekk politiet melding om ein berusa mann som var uønskt på spisestad.

– Han forstyrra ro og orden med veremåten sin. Han vart fjerna frå staden av politiet, og seinare dimittert, opplyser vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag føremiddag vart ein bil stansa av politiet då han ikkje var framstilt for periodisk køyretøykontroll. Politiet avskilta bilen.

– Førar og eigar var ein mann i 20-åra, opplyser politiet.