Ikkje over lang tid: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier at ein ikkje kan ha så høge bensinprisar over lang tid. - Dersom situasjonen held fram, må regjeringa ta grep.

Vedum om bensinprisane: - Vi må ta grep dersom dette held fram

Bensinprisane når stadig nye høgder. Dersom situasjonen held fram, så må regjeringa ta grep, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Det er sjukt dyrt. Det er heilt ellevilt høge prisar. Vi har aldri sett ein slik ekstrem auke før, seier Vedum.

Les også
Skyhøge prisar: — Det blir ikkje kø ved pumpene i dag

Analytikarar i Rystad Energy har peika på at prisane kan bikka 30 kroner. Fleire, blant dei Norges Automobil-Forbund (NAF), har peika på at drivstoffavgiftene må setjast ned. Det er éin av tinga regjeringa no ser på, seier Vedum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kan ikkje ha sånne prisar over tid, det blir altfor ekstremt for folk, det er det ikkje nokon tvil om. Akkurat no så er det veldig mykje som skjer. Det er klart at dersom dette blir eit nivå som vil vara, er det altfor dyrt for folk, seier han.

– Om vi ser dette held fram, må vi ta grep, seier finansministeren.

Prisane på bensin og diesel steig med høvesvis 6,0 og 5,9 prosent frå januar til februar, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).