Verksemd i Os sentrum har meld frå om tjuveri
– Forholdet vert meld.
Måndag morgon blei det meld om eit mindre tjuveri frå ei verksemd i Os sentrum.
Meldinga kom inn ca. 07.45, opplyser politibetjent Marita Frotveit.
– Forholdet vert meld, skriv Frotveit.
I ein e-post opplyser Frotveit at det elles har vore ei roleg helg i Os. Det er likevel litt å melda om.
Utrykkingspolitiet gjennomførte laurdag kveld fartskontroll i Endalausmarka. UP var på staden i neste to timar, frå klokka 21.34 og utover.
Tidleg søndag morgon i 6-tida fekk politiet melding om høg musikk frå ei privatadresse sør for Os sentrum.
– Politiet var på staden og gav pålegg om at lyden måtte ned. Det ser ut til at dette er følgt, då det ikkje kom fleire meldingar inn til politiet, skriv Frotveit.
Eit par timar seinare blei det meld om at ein person luska i ein hage i Os sentrum.
– Denne personen blei ikkje funnen/kontrollert av politiet, skriv Frotveit.