TV2: Naudnummera skal no fungera igjen
Telenor har onsdag hatt store tekniske problem. Også i Vest.
Naudnummera skal no vera oppe og gå igjen. Det seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor til TV2 om lag kl. 12.35.
— SMS og mobildata fungerer, men det kan framleis vera noko treigheit i systemet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Feilen skuldast eit straumbrot på ein av Telenors sentralar.
VG melde onsdag føremiddag at Telenor har tekniske problem, og at naudnummera er nede fleire stader i landet.
Dette skal gjelda både Vest politidistrikt og naudnummer 110 til brannvesenet.
På X ber 110 Vest folk om å heller varsla brann og ulukker på fylgjande telefonnummer:
91652384, 91652385 eller 91652386.
Kjem du ikkje gjennom på naudnummera, ber Bjørnafjorden kommune deg ringa 56 57 03 70 til legevakta, og 55 55 60 42 til politiet.
Haukeland Universitetssjukehus fortel til BA at ein også kan bruka 113-appen til å koma i kontakt med AMK.
Sjukehuset ber samtidig folk slutta å ringa naudnummeret for å testa om det fungerer eller ikkje. Dette fordi det overbelastar systemet deira.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi ber publikum om kun å ringa naudnummer ved akutt naud, skriv Haukeland på X.
Politidirektoratet opplyser til VG at det er problem med å kontakta 110, 112 og 113.
I ei tekstmelding til VG opplyser pressesjef Anders Krokan i Telenor, at kundar ikkje får ringt frå mobiltelefon.
— Vi jobbar med feilsøking og for å løysa dette. Kjem snarleg tilbake med ny status.