I gropa: I frykt for fleire og større skader, har Vidar Kaastad og familien måtta prioritera å etterisolera grunnmuren. Det blir eit kostbart prosjekt, slår huseigaren fast.

Ville pussa opp innvendig. No må Vidar bruka ein halv million på utsida

Vidar Kaastad og familien opplever saman med fleire andre i nabolaget, å ha blitt ein kasteball mellom forsikringsselskap og entreprenør.

Publisert Sist oppdatert

Leilegheita i underetasjen blei pussa opp for ti år sidan

Desse bileta er frå nylege skader, som gjer at leilegheita nok må pussast opp på ny

Vidar Kaastad er sikker på at arbeidet på Hatvikvegen er årsaka til at skadene har oppstått

I frykt for fleire og større skader, har familien i Sjoarvegen måtta prioritera etterisolering av grunnmuren

Familien opplever å bli ein kasteball mellom forsikringsselskapet og entreprenøren på vegprosjektet

Det er dei ikkje åleine om. Hjørdis Lyssand og fire andre naboar kjempar same sak

– Det er ein jobb vi nok måtte ha tatt på sikt, huset er jo gammalt, men no tvang det seg fram, på grunn av vegarbeidet på Hatvikvegen, seier Vidar Kaastad.

Han bur saman med familien i Sjoarvegen som ligg på nedsida av Midtbøvegen og Hatvikvegen.

Arbeidet med ny gang- og sykkelveg på Hatvikvegen starta våren 2024. I same området melde fleire bustader om sterk, vond lukt mot slutten av sommaren 2025. I samband med klagene, uttalte fylkeskommunen at «arbeidet vårt kan ha ført til at vatnet renn andre vegar enn før», men at ikkje dei var ansvarlege for forureining.

Det var på denne tida at utfordringane starta for familien i Sjoarvegen.

– Vi trudde at noko låg dødt ein stad i huset. Det var ille, og praktisk talt umogleg å bu her eit par veker, fortel Kaastad.

Fekk inn røyrleggjar

Røyrleggjarar frå NoRør blei tilkalla. I rapporten melder dei at lukta kjem opp mellom kledning og ytterkledning, og via innvendige buer og skap. I underetasjen vart det oppdaga inntrenging av vatn i golvet i leilegheita som blei pussa opp for ti år sidan.

I same rapport vert det opplyst at røyrleggjarbedrifta hadde blitt tilkalla til ei adresse i same område som også hadde utfordringar med lukt.

Rapporten konkluderte med at årsaka til vassinntrenginga ikkje var brot på verken vatn eller avløp internt i bustad.

«Større mengde overvatn må vera tilført eigedomen over tid. Luktproblematikk må stamma frå arbeid i omliggjande område», heitte det.

– Forsikringsselskapet vårt, Gjensidige, har ikkje vore villig til å senda nokon for å sjå på saka. Dei har peika på at grunnmuren nok er dårleg og at det er årsaka. Vi har aldri hatt utfordringar med fukt og skader på bustaden, seier Kaastad og held fram:

– Dette har skjedd etter at dei starta å jobba på Hatvikvegen. Dessutan er ikkje vi åleine om å få skadar på bustaden vår.

Han viser til at seks huseigarar har gått saman om å senda krav om erstatning.

Må ut med 450.000 kroner

Os Maskinservice blei hyra inn for å grava rundt bustaden i samband med etterisolering av grunnmuren. Dei skriv i sin rapport at det blei avdekt betydelege mengder vatn som rann kontinuerleg inn mot grunnmuren, noko som indikerer høgt grunnvassnivå eller oppsamling av overvatn i grunnen kring bygget.

Vidare skriv dei at det er grunn til å tru at den auka vassbelastninga mot grunnmuren overstig det konstruksjonen er dimensjonert for og at dette er ein direkte, medverkande årsak til vassinntrenginga.

– Det er utruleg keisamt at vi må ta denne kostnaden no, men utgifter til grunnisolering er sjølvsagt ikkje noko vi krev erstatning for. Vi krev erstatning for skadane som er påførte bustaden, seier Kaastad.

– Kor mykje må du ut med til etterisoleringa?

– Heldigvis er eg betongmann, så eg gjer mykje arbeid sjølv. Men det blir i alle fall 450.000 kroner, seier Kaastad og held fram:

– I tillegg blir det fort utgifter til å pussa opp i leilegheita igjen.

Seks naboar har gått saman

Hjørdis Lyssand er ein av dei nærmaste naboane til Hatvikvegen og blant dei som har send inn krav. Ho har relativt små skadar på bustaden, i form av fuktig panel.

– Eg er oppteken av at det blir fjerna, slik at vi kan sjå kva som ligg bak. Det har ikkje tørka på fleire månader. Vi veit heller ikkje kva som kan skje framover, viss vatnet renn nye vegar som følgje av arbeidet på vegen, seier Lyssand.

Årsaka til at fleire har gått saman, er at dei opplevde å bli ein kasteball mellom forsikringsselskap og entreprenør. Det er ingen som har tatt ansvar, eller sagt seg villige til å dekkja skadane, ifølgje naboane.

Gløymde å kopla på røyr: Slik såg det ut hos naboen då overvatnet kom fossande ut av eit røyr i desember. Røyret skulle koplast på ein kum når det var naudsynt, men det vart gløymd.

Overvatn har blitt samla i eit basseng ved Hatvikvegen. Jordvollen som skulle halde vatnet på plass, gav etter ved store nedbørsmengder i fjor haust. Sidan har det gått ein bekk ned gjennom eigedomane like ved, ned til Midtbøvegen – og vidare ned Sjoarvegen. 

– Tanta og onkelen min bur ved sida av meg. Dei fekk heile kjellaren fylt med vatn. I fem rom stod vatnet godt opp på veggane, og ein kunne sjå at det kom vatn opp frå golvlista. Dei fekk beskjed frå forsikringsselskapet at skadane ikkje var over eigendelen på 8.000 kroner, fortel Lyssand.

Midtsiden har snakka med Elsa Marie og Odd Lyssand – tanta og onkelen til Hjørdis Lyssand, i Hatvikvegen 47.

Onsdag førre veke skal det derimot ha kome kontrabeskjed frå forsikringsselskapet Gjensidige. 

Lyssand stadfestar at forsikringsselskapet har snudd, og at dei vil syta for dekning av skadane.

Os & Fusaposten har forsøkt å få tak i Gjensidige i saka, men førebels ikkje lukkast.

Gløymde å kopla på røyr

Lyssand har ved fleire høve dokumentert vatn som fossar gjennom tuna. Hos ein nabo blei det laga til ei mellombels løysing for handtering av overvatn. Eit større røyr som låg oppe i dagen skulle føra vatn til ein kum på eigedomen.

Men dette røyret skal entreprenøren ha gløymd å kopla heilt fram til kummen på ein regnfull desemberdag i fjor.

Sikring: Der vassføringa går, er det nokre stader lagt ut sandsekker for å forsøka å hindra vatnet å ta andre vegar.

– Eg kunne høyra vatnet tidleg på morgonen. Eg såg at det fossa ut av røyret på eigedomen til naboen. Eg fekk vekt han, og måtte sjølv ut for å spa utanfor hos meg slik at ikkje vatn skulle koma bort til kjellarvindauget mitt på oppsida av huset.

Vatn frå bassenget. På ein regnfull dag var det bra fart i bekken som vart danna frå overvassbassenget. Vatnet fann også vegen inn i huset til naboen til Hjørdis Lyssand.

Samstundes kontakta Lyssand fylkeskommunen som «rykte ut».

– Dei var også fortvila. Fylkeskommunen er dei einaste som har vore greie å ha med å gjera oppi dette.

Slik det er no, fryktar Lyssand og naboane kva som kan skje med eigedomane og husa på sikt. Dei spør om dei skal måtta vera redde kvar gong det er meld større mengder nedbør.

– Korleis blir det når dei ein gong blir ferdige med prosjektet. Skal vi då vera bekymra for vatn resten av livet, spør Lyssand.

Kort kommentar frå entreprenøren

Som kjend har entreprenøren Bertelsen & Garpestad AS nyleg gått konkurs. Os & Fusaposten har stilt entreprenøren sin prosjektleiar, Pål Thornes, ei rekkje spørsmål om kven som er ansvarleg i desse sakene, og kva krav dei har på seg som entreprenør til handtering av overvatn og grunnvatn – og om dei som er råka skal henvenda seg til entreprenøren eller sitt eige forsikringsselskap.

I ein e-post skriv Thornes at «dei må henvenda seg via forsikringsselskapet sitt».

Ola Klyve Dalland er byggjeleiar for byggherre Vestland fylkeskommune. Han er kjend med krava frå ulike adresser i området. Om naboane sine bekymringar for vasstilførselen i framtida, seier Dalland at det er prosjektert eit nytt overvassystem for vegen.

– Det arbeidet er kome langt. Det er lagt røyr ned Midtbøvegen og Sjoarvegen, og ut i sjø ved Lyssandfjæra. Det er også på plass overvassleidning frå Midtbøvegen nedover mot Moldegaard. Mykje er etablert, men det står att nokre drensleidningar og slikt.

Vidar Kaastad og Hjørdis Lyssand er to av seks huseigarar som har gått saman om krav om erstatning.

«Stiller nok ikkje fremst i køen»

Bebuarar i området har fått melding om å ta kontakt viss dei i denne perioden ser at det «skjer ting med overvatn», som kan medføra skade på bygg og eigedomar.

– Vi jobbar med å få på plass ein entreprenør som kan bistå oss i sikringa av anleggsområdet og eventuelle ad hoc-situasjonar som måtte oppstå, seier Dalland.

– Har fylkeskommunen som byggherre noko ansvar i saka, eller er det utelukkande entreprenøren Bertelsen & Garpestad?

– Det klarer ikkje eg på ståande fot å gje eit juridisk korrekt svar på. Vi har registrert krava, og vi veit kva som ligg der. Vi veit ikkje konkrete kostnader på alt. Krav som ligg ubesvarte vil vi retta mot entreprenøren, slik at det blir tatt med i konkursbuet. Så stiller ein nok ikkje fremst i køen der, seier Dalland.

– Vi jobbar med å få på plass ein entreprenør som kan bistå oss i sikring av anleggsområdet og eventuelle ad hoc-situasjonar som måtte oppstå, seier byggjeleiar for Vestland fylkeskommune, Ola Klyve Dalland.

– Har fylkeskommunen betalt nokre rekningar som går på rapporterte vasskadar mugg og ròte eller liknande?

– Det har vi. Årsaka til det, er at vi har fått regresskrav frå forsikringsselskap. Dei går nokre gonger på byggherren, fordi dei ofte er ein sikrare betalar. I etterpåklokskapens lys har det vore ei god vurdering av dei, kan vi vel seia.

– Kan «ein dårleg eller gammal grunnmur» vera ei plausibel forklaring på at så mange ulike bustader har fått liknande skadar på same tid?

– Det blir nok ei vurdering av kvar sak for seg. Vi har sett på og dokumentert mange av eigedomane før arbeidet starta opp, seier Dalland.

Torsdag er det meld store mengder nedbør. Det har sjølvsagt ikkje gått nabolaget "hus forbi".


– Eg har send bekymringsmelding til fylket i dag om at det er meld mykje nedbør denne veka, og spurt om dei har kontroll på sikring av jordvollane og røyret ved naboen sitt hus, opplyser Hjørdis Lyssand til Os & Fusaposten i ei melding tysdag.

Vassføringa starter ved Hatvikvegen, held fram gjennom eigedomane og skal i utgangspunktet hamna i ein kum i Midtbøvegen. Langt frå alt skal ha enda opp der.

Powered by Labrador CMS