Walk and run: Då det ordinære Walk and Run-arrangementet i Eikelandsosen vart avlyst i 2020, tok trusopplæringsleiar Stefan André Høysæter affære og sprang eitt og eit halvt maraton for å samla inn pengar. I år kan arrangementet gå som vanleg.

Walk and Run: - Me har sett oss eit ambisiøst mål

I morgon går årets Walk and Run av stabelen i Eikelandsosen.

Målet er å samla inn 500.000,- for å kunna hjelpa 50 brannskadde born i Etiopia til ein ny start i livet.

Brannskader er i mange afrikanske land, m.a. Etiopia, eit av dei største helseproblema. Det skuldast m.a. at open eld vert nytta til både matlaging og varme i hyttene der folk bur – då kan det fort skje eit uhell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangementet i Eikelandsoen er eit samarbeid mellom Fusa sokneråd, Fusa frivilligsentral og Bruktbuo.

Bedrifter i Bjørnafjorden er inviterte til å delta i bedriftsstafetten som er ein del av programmet. Her vil ordførar Trine Lindborg stå for starten.

På programmet elles står mellom anna musikk ved Eikelandsfjorden musikklag og Fjord'n barnekor, trillebårløp, barnevognløp og kyrkjetenarduell (!). Det vert også lotteri og sal av pølser m.m.

– Vi ynskjer at dette skal bli ein dag der både dei aller minste og dei aller eldste – og alle i mellom – skal få kosa seg med å vera med, sjå på, oppleva og møta andre. Dagen vil bli prega av innslag og underhaldning – og overraskingar av ulik art, fortel Harald Geir Sæther som er koordinator og frivillig for Walk and Run 2022.