Walk and Run med rekordresultat
Laurdag 1. juni vart ein flott folkefest og familiedag på tusenårsplassen i Eikelandsosen.
Mange slutta opp om årets Walk and Run. 35 lokale verksemder, fleire lag og organisasjonar, lokale kunstnarar, kommunale aktørar, Strandvik Montessoriskule, Bruktbuo, RØFF, Noah og mange privatpersonar bidrog til at aksjonen passerer kr 400.000.
Det er det beste innsamlingsresultatet nokon gong!
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle midlar går til å operera brannskadde born i Etiopia. Brannskader er eit av dei største helseproblema i mange afrikanske land. Difor er det med glede og takksemd at vi kan hjelpa mange barn og unge til å få ein ny start i livet.
Bruktbuo, Fusa frivilligsentral og Fusa sokneråd takkar alle som har bidrege.
Harald Geir Sæther
Frivillig/koordinator for Walk and Run 2024