Gjekk vidare: Spelar om plass i kvartfinalen i ettermiddag.

Begge Nore Neset/Os J17 sine lag gjekk vidare til 8-delsfinalen

Nore Neset imponerer stort i verdas største fotballturnering!

Nore Neset/Os j17 2 vann 1-0 mot Malvik i dagens 16-delsfinale. I 8-delsfinalen vert det tysk motstand når Fortuna Dresden står på motsett banehalvdel.

Denne kampen går kl 16 torsdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nore Neset/Os J17 er klar for kvartfinale!

Så langt har laget éin uavgjort og tre sigrar bak seg. I gruppespelet enda dei på andreplass etter 2-2 mot Utleira, 1-0 mot Haugar og 4-0 mot Kvass/Ulvungen.

I finalespelet starta dei altså med 1-0 siger i 16-delsfinalen.

Les også
Os G19 er vidare til 8-delsfinale etter straffe-drama

Nore Neset/Os j17 1 vann si gruppe og gjekk rett til 8-delsfinale. Her møter dei Utleira.

Denne kampen går kl 17.15 torsdag ettermiddag.

Dette laget har også gått gjennom turneringa utan tap så langt, etter 2-2 mot Tynset, 1-0 mot Academy Elite og 3-1 mot Bogafjell.

Vidare: Kan jubla for plass i 8-delsfinalen.

Nore Neset sitt G16-lag var suverent i 32-delsfinalen, og vann heile 4-0 mot Øyestad. Desverre vart det stopp i 16-delsfinalen, der det vart eit knipe 2-3-tap mot Askim.

Os G16 tok seg også til A-sluttspelet, men måtte sjå seg slått 3-4 i første kamp i sluttspelet.

Os G15 tapte mot Hamar i 32-delsfinalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nore Neset G15/16 7'ar tok seg til 16-delsfinalen, men måtte gje tapt for Ørskog som vann 3-0.

Les også
Nyawa United har spelt sine fyrste kampar i Norway Cup
Les også
Os slo hardt tilbake etter tøff start på årets Norway Cup
Les også
– Det er sjølvsagt surt at me ikkje vinn, men det er likevel slike kampar me ønskjer å spela