Ny spelar: Lysekloster har sikra seg ein ny spelar, fortel Svein Kollen. Her saman med trenar Ruben Hetlevik.

— Dette er verkeleg ei signalsignering

Vinteren 2014 signerte Lysekloster ein storskårar. Berre få månader seinare, var han borte. Denne gongen håpar dei å få halda på han litt lenger.

— Han har signert kontrakt ut neste sesong, seier Svein Kollen.

Alexander Dang (32) hadde nyleg vend tilbake til Bergen, og skulle spela for Øygarden FK, men så gjekk klubben konkurs. No står alle spelarane utan kontrakt. Ein av dei første til å finna seg ny klubb, er Dang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinteren 2014: Her er Dang i Lysekloster-drakt. Han var i klubben i vel tre månader før han forsvann.

— Har de fjasa om at han var innom klubben berre nokre få månader før han forsvann ut igjen sist?

— Ja, det blei litt fjas med det. Men det er så lenge sidan. Sju eller åtte år sidan, seier Kollen og legg til:

— Det er verkeleg ei signalsignering av oss. Han vel å koma til oss, når “alt og alle” ønskte å signera han. Det er eit kvalitetsstempel.

— Korleis har de fått til å signera han?

— Han ønskte å busetja seg fast i Bergen. Av alle klubbar som var interesserte, fann han oss som den mest attraktive. Difor signerer han for oss no.

Alexander Dang var innom Lysekloster i nokre månader for litt over sju år sidan. Han signerte i november 2014, men i februar takka han for seg og signerte for Sotra utan å ha spelt ein einaste kamp for munkane.