Opprykkskamp Os nov 26
Mathias Sivertsen blir feira etter å ha ført Os i leiinga.

Vi følger opprykkskampen:

Mål! Sivertsen sender Os i leiinga etter 18 minutt

Os tek imot Haugesunds-laget Djerv 1919 på Kuventræ. Det står om opprykk til andre divisjon.

Publisert Sist oppdatert

Vi oppdaterer undervegs

Kl. 12.45: Pause med 1- til Os.

Kl. 12.41: Djervs Thor Ødegård prøver seg med skot på mål. Det går høgt over og ut av bana.

Kl. 12.37: Robin Vindenes åleine med keeper etter ein pasning frå Daniel Kvalvågnes. Skyt høgt over mål.

Os opprykkskamp nov 26
Robin Vindenes Johnsen åleine med keeper.

Kl.12.28: Eirik Rysjedal med ein kjempeprestasjon i det han går med ballen over heile banen. Blir felt av Djervs Vebjørn Rullestad like utanfor 16-meteren. Gult kort til Rullestad og frispark til Os. Ikkje mål, men får eit hjørnespark. Heller ikkje dette blir mål.

Os opprykkskamp nov 26
Rysjedal vart felt like ved 16-meteren. Domaren dømde frispark.

Kl. 12.18: 1-0 til Os! Målskårar Mathias Sivertsen.

Opprykkskamp Os nov 26
Nummer seks sende tribuna til himmels!

Kl. 12.14: Os heilt klart i føringa no. Bølga går på trubuna under Tore Kleppes leiing.@

Kl. 12.06: Mathias Sivertsen med skot på mål som blir berga av Djerv-keeper Bråtveit.

Kl. 12.05:  Kampen er igang. Så langt ingen store sjansar til nokon av laga. 

Kl. 11.58: Os har gått inn på bana til full jubel. Ein ekstra rørande detalj; dei tre flaggbærarane er alle fedre til Os-spelarar. 

Kl. 11.30: Oppvarminga er i gang ute på Kuventræ-grasmatta. Tribuna er for lengst full og på kortsida står publikum tett i tett bak gjerdet. 

— For ein festdag. Sol og opprykkskamp. Og så er det full tribune allereie under oppvarminga. Det er ikkje daglegdags, seier Anne Strønen Skeie, ein av dei mange, mange frivillige som er i sving. 

Opprykkskamp Os nov 26
Slik ser det ut fem minutt før kampstart
Opprykkskamp Os nov 26
Alt kl. 11 var det nesten fullt på tribuna.
Opprykkskamp Os nov 26
Powered by Labrador CMS