Målskårar: 72 minutt inn i kampen sette Roger Blokhus Ekeland inn Os sitt einaste mål.

Stang ut for Os i jamt oppgjer mot Fyllingsdalen

– Vi hadde ein fin mogelegheit til å ta poeng. Då er det litt keisamt at det bikkar Fyllingsdalen sin veg i staden.

Det seier trenar Endre Brenne etter kampen mot Fyllingsdalen på Varden Amfi laurdag.

– Vi hadde ein svak start dei første 30. Deretter tek vi over, og er det førande laget i siste del av andre omgang, fortel Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sindre Christiansen Aga skåra det første målet til Fyllingsdalen etter 29 minutt. Ni minutt inn i andre omgang skåra vertane igjen. Denne gongen var det Anders Myking Waagan som fekk siste fot på ballen.

Roger Blokhus Ekeland sytte for at resultatet vart 2–1. Han skåra Os sitt einaste mål i kampens 72. minutt.

– Alt i alt var det ein jamn kamp. Vi kunne like godt ha vunne, men det vart litt mykje nesten, og vi slepp inn litt for enkle mål. Vi manglar rett og slett den vesle brodden. Dermed bikkar det som kunne vore ei fin mogelegheit til å ta poeng, diverre i Fyllingsdalen sin favør i staden, seier Brenne.

– Det er keisamt å enda opp med null poeng i ein kamp som kunne ha bikka begge vegar, legg han til.

Møter serieleiaren

Neste helg er serieleiar Frigg motstandar på kunstgrasbanen på Kuventræ. Brenne fortel at planen er å samla energi, og førebu seg godt til oppgjeret.

– Vi har hatt ein litt tung periode, men no må vi nullstilla og reisa oss igjen. Det er ingenting anna å gjera, seier Brenne og utdjupar:

– Frigg er eit bra lag, men om vi slepp ned skuldrene, og vågar litt meir, er det berre å dundra på. Det er inga umogleg oppgåve å slå Frigg. Vi har gjort det bra på heimebane så langt i år, påpeikar Brenne.