Forsiden - os og fusa

Aktuelt

  • Ole Bulls veg stengt

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Grunna arbeid med asfaltering og kanting, vil vegen over Søvikåsen /Ole Bulls veg verastengt for trafikk i veke 27 og 28.

    Det melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

  • Ber førar melda seg etter bulking

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Tysdag etter lunsj fekk politiet melding om ein bil som skal ha fått ein bulk på parkeringsplassen utanfor Osbadet.

    Sjølve bulkinga skal ha funne stad søndag mellom kl. 11.24 og 14.07.

    Då bileigaren skulle køyra frå staden, vart han merksam på ein bulk i døra på førarsida.

    — Vi ynsker at vedkomande som kjenner til dette uhellet melder seg til politiet i Bjørnafjorden, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.

  • Sladda ved barneskule

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Måndag kveld fekk politiet melding om eit par biler som køyrde stygt og mellom anna sladda rundt på skuleplassen til Borgafjellet barneskule.

    Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein epost til media.

    Politiet fekk ikkje kontrollert nokon av desse, men har fått informasjon som kan gjera det mogleg å identifisera bilane.

  • Kafégjest gjorde ikkje opp for seg

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Ein mann i 50-åra skal søndag ha gått frå Halhjem kafé utan å ha betalt for seg.

    Politiet fekk melding om dette natt til måndag.

    Dei gav meldar beskjed om å senda faktura til vedkomande eller melda han til politiet.

  • Buss køyrde på katt

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Like etter midnatt laurdag kveld fekk politiet melding frå ein bussjåfør som sa han hadde køyrt på ein katt og skada denne.

    Katten sprang frå staden, og det såg ut som han hadde fått skade i ein fot.

    Det vart ikkje sett i verk nokon operative tiltak frå politiets side.

  • Oppretta sak på kvinneleg sjåfør

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Søndag kveld litt før kl. 23 vart ein førar i 20-åra stoppa og kontrollert.

    Kvinna køyrde utan gyldig førarkort. Årsaka var at ho ikkje hadde levert inn gyldig helseattest. Politiet har oppretta sak.

  • Fem forenkla førelegg på Halhjemsvegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Søndag kveld litt før kl. 22 gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen.

    Det vart skrive ut fem forenkla førelegg der høgste fart vart målt til 86 km/t i 70-sona. Vedkomande måtte ut med 7.250 kroner.

    54 førarar vart kontrollerte for rus, utan nokon reaksjonar.

  • Måtte ut med 15.600 kroner

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Fredag kveld i 22-23-tida gjennomførte politiet ein trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.

    Det vart skrive ut to forenkla førelegg der høgste fart var 92 km/t i 70-sonen. Det betyr ein sum på 15.600 kroner.

    I tillegg vart 32 førarar kontrollerte for rus, men utan nokon reaksjonar.

  • Rusa mann på bussterminalen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Fredag kveld i nitida fekk politiet melding om ein mann som rusa seg og satte ei sprøyte ved bussterminalen i Os sentrum.

    Politiet sette ikkje i verk nokon operative tiltak.

  • Hasj på kyrkjegarden

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Fredag kveld fekk politiet melding om ungdomar som røykte hasj på Os kyrkjegard.

    Det vart ikkje sett i verk nokon operative tiltak.

  • Førarkortet rauk på Lepsøyvegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Fredag ettermiddag litt før kl. 18 vart ein mann i 30-åra målt til 86 km/t i 50-sona på Lepsøyvegen.

    Føraren samtykka til beslaget, vedtok førelegget og erkjende forholdet. Politiet har oppretta sak.

  • Beholdt lappen med eit naudskrik

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Fredag ettermiddag litt før kl. 17 gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Lepsøyvegen.

    Resultatet vart eit forenkla førelegg.

    Ein person vart målt til 75 km/ i 50-sona og må ut med 13.050 kroner. Hadde vedkomande køyrt ein kilometer fortare, ville førarkortet roke.

  • Kø utover mot Halhjem

    Kenneth Svenningsen

    Det er lang kø på Halhjemsvegen fredag ettermiddag. Ein del av grunnen skuldast at mange bergenske musikarar frå ulike korps er på veg til NM for skulekorps i Stavanger.

    Ein tipsar skriv til avisa at det for litt sidan var kø frå Halhjem ferjekai til Lepsøykrysset, og at det er tredje helga på rad med kø.

  • Melding om mindreårige på fest i Sigurdsvika

    Benjamin Olsen

    Klokka 22.43 torsdag fekk politiet melding om mindreårige som hadde fest i Sigurdsvika.

    Ved Ulvenvatnet var det ifølgje politioverbetjent Knut Fjeld mykje ungdom.

    – Politiet var på staden og fekk god støtte av natteramnar og foreldre. Ungdomane blei bedne om å rydda opp etter seg, skriv han i ei melding.

  • Fri ferdsel i Skogafjellstunnelen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    E39 Skogafjellstunnelen er opna igjen etter å ha vore stengd i eitt felt i sørgåande retning. Årsaka var ein bil som hadde mista eit hjul.

    Det melder Vegtrafikksentralen på X kl. 10.11.

  • Hadde ikkje gyldig førarkort

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    UP kontrollerte tysdag morgon ein mannleg bilførar i 50-åra. Han hadde ikkje gyldig føarrkort og vert meld for dette.

    Begge hendelser tirsdag morgen.

  • Nok ein førar mista lappen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Ein bilist i 20-åra mist tysdag morgon førarkortet på grunn av tre nye prikkar. Han vart målt til for høg fart i Lyshorntunnelen.

  • Stod att utan poeng

    Benjamin Olsen

    Os-damene hadde ikkje tapt heime sidan kampen mot Lyngbø i starten av april.

    Det starta godt mot Førde i helga, då Lenea Fløysand gav Os leiinga etter 12 minutt.

    Lenea Fløysand gav Os leiinga heime mot Førde.

    Men i andreomgang snudde Førde kampen og Os tapte 1–2.

    Med det ligg Os midt på tabellen før fredagens oppgjer mot Sotra – også den kampen er på heimebane.

    Sommarferie ventar etter det oppgjeret, og damene skal ikkje i sving igjen før midt i august.

  • Bomma på straffespark – gjorde det godt igjen

    Benjamin Olsen

    I helga reiste Os A-lag til Oslo for å møta Lyn 2. Det blei til slutt eit målrikt oppgjer på Austlandet.

    Bomma på straffe: Daniel Kvalvågnes svikta frå ellevemeteren, før han seinare leverte tre målgjevande pasningar.

    Henrik Sperrevik kombinerte fint med Sebastian Plätzer til 0–1 etter 15 minutt spelt. Berre tre minutt etter utlikna heimelaget.

    Daniel Kvalvågnes fekk sjansen til å gje Os leiinga igjen på straffespark, men keeper var kjapt nede og fekk stoppa forsøket.

    I staden var det bortelaget som tok leiinga, etter at Vegard Leikvoll Moberg blei runda på hjørnet av 16-meteren, og markeringa glapp inne i feltet.

    Så ville Kvalvågnes gjera opp for straffebommen. Først hælsparka han til Plätzer som skåra sitt andre for dagen. Tomålsskåraren var sentral då Os tok leiinga. Han snappa ballen utanfor 16-meteren til Os og fann så innbytar Håvard Vatland Karlsen som var sikker.

    Feira fint.

    Kvalvågnes hadde eit par målgjevande til i seg denne dagen. Først med ein nydeleg langpasning, som fann spisskollega Karlsen. Han gjorde ingen feil aleine med keeper. Heilt på tampen kom Os på kontring og Kvalvågnes fann Buan inne framfor mål, og han fastsette resultatet til 2–5.

  • Debuterte med heimesiger

    Benjamin Olsen

    Torsdag og fredag førre veke var det hektisk møteverksemd i klubblokala til Lysekloster. Der sa klubben farvel til trenarane Ruben Hetlevik og Øyvind Nordtveit. Inn kom Tommy og Kjetil Knarvik.

    Søndag leia dei laget for første gong, då Arendal kom på besøk på Lysekloster Sporty Arena.

    Bortelaget fekk tidleg ein mann utvist, og måtte spela 75 minutt med ein mann mindre.

    Tommel opp: Tre poeng for Tommy og Kjetil Knarvik i deira første kamp som trenarar for Lysekloster IL.

    Ei avslutning frå Jacob Bolsø, via keeper og i mål, gav heimelaget leiinga etter 39 minutt.

    Jonas Vågen auka for munkane etter 51 minutt spelt, med ei flott avslutning i lengste hjørnet.

    På tampen gav Lysekloster bort eit straffespark, og reduseringa var eit faktum, men kampen enda med 2–1-siger.

    Lysekloster klatra med det over nedrykksstreken.

VM i dicodans.mp4

Iris, Sina, Lilli og Enja frå Bjørnafjorden konkurrerer i VM i disco i Polen.

Brannvesen - del 4.mp4

Éin gong i året gjennomfører brannvesenet ein fysisk test iført ein vektvest på 20 kg.

Brannvesen - del 3.mp4Brannvesen - del 3.mp4

Ved enkelte utrykkingar må brannvesenet bruka bil med lift. Då kjem ein ikkje langt med høgdeskrekk.

Brannvesen - del 2.mp4

Frå alarmen går til uniforma skal vera på, har brannvesenet berre 90 sekund på seg.

Brannvesen - del 1.mp4

Anniken har fått testa seg hos Bjørnafjorden brann og redning.

Ungdom i aktivitet.mp4

Ungdom i Aktivitet flyttar aktiviteten sin til Bergstø gard.

Eierschegge kafe.mp4

Kafeen på Venjaneset har fått namnet "Eierschegge", etter nasjonalkaka frå landsdelen Sachsen i Tyskland.

Regnbueflagg stjålet.mp4

Torsdag oppdaga barna i barnehagen at regnbogeflagget var borte.

BIR Miljøstasjon - del 3.mp4

Miljøvenleg skal det vera, og då må mest mogleg trykkast ned i konteinarane.

BIR Miljøstasjon - del 2.mp4

Både stort og smått blir levert til BIR. Anniken har fått testa maskinene.

BIR Miljøstasjon - del 1.mp4

På miljøstasjonane til BIR kan du levera farleg avfall gratis. Men kva er farleg?

Lysekloster - ny vei_1.mp4

Den nye vegen mellom Åsen og Helleskaret kan spara deg 8-10 minutt mellom Os og skule- og idrettsanlegget på Lysekloster.

Tøsdal Maskin - del 2.mp4

SoMe-journalist Anniken er van med å køyra liten bil. Då blir det ekstra utfordrande å køyra lastebil.

Tøsdal Maskin - del 3.mp4

Å køyra gravemaskin har lenge vore ein draum for Anniken. Hos Tøsdal Maskin gjekk draumen i oppfylling.

Tøsdal Maskin - del1.mp4

Du ser dei køyrande rundt i lastebilar, eller sitjande i gravemaskiner – men kva gjer eigentleg entreprenørane?

Feil i trafikken_4.mp4

Rundkøyringar er øvst på lista til køyrelærar Fenne over kvar den gjennomsnittlege sjåføren gjer feil.

14 åring jobb bilvask.mp4

Ei veke etter annonsen vart lagt ut, har Torben Grimseid (14) fått 13 oppdrag.

17. mai vold - politiet_2.mp4
Fartskontroll Fusa_1.mp4

Politiet i Fusa testa ut ny laser, og fleire vart tekne i fartskontroll.

Send bilde2.mp4

Send oss dine blinkskot frå førebuingane og sjølve 17. mai. Finn knappen «Opprett innlegg» på osogfusa.no.

Fem på gaten - 17. mai.mp4

Kva skal du gå med på 17. mai?

Båt tyveri_1.mp4

Samtidig som temperaturen stig, startar høgsesongen for båttjuveri.

Tinestafetten 2024.mp4

Elevane gav alt under Tine-stafetten på Kuventræ onsdag.

Bunad_2.mp4
17. mai dress kort.mp4

Har du hugsa å sjekka at skjorta er i orden før 17. mai?

8. mai.mp4

Markerte 80-årsjubileum for frigjeringa

Prosjekt snill_1.mp4

Banning, snitching og mobbing. No vil skulen snu utviklinga med nytt prosjekt

Spøkelsedamer_2.mp4

Mor og dotter elskar å jakta på spøkelse

Ungdomsrommet.mp4

Opplever sterk vekst i tal ungdom

Ådlandsfjorden fotball.mp4

Ein dag for historiebøkene i Ådlandsfjorden

Russedåp - vors.mp4

Årets russekull er offisielt døypt

Fabrikken åpning.mp4

Har jobba på spreng for å klargjera Fabrikken til opning.

Gindbygg Moberg_2.mp4

Gamal byggeskikk - moderne hjelpemiddel. Synest du dette såg kult ut?

Påske quiz_3.mp4

Vinnar blei overraska på jobb

Oppussing alene.mp4

Brukar oppussinga som terapi

Os vgs anlegg brann.mp4

Visste du at primusen kan gi ein så stor eksplosjon?

Os vgs HMS anlegg.mp4

Nyttig kurs: Erika har opplevd skumle jobbsituasjonar før.

Os vgs ambulanse.mp4

Var instruktørar for resten av skulen

Sveitservillaen 9x16.mp4

Klinte til for draumehuset

Os VGS HMS 25_1.mov

Elevar fekk testa å koma seg ut av røykfylt buss

Os damer serieåpning 9x16.mp4

Entusiasme og optimisme for damefotballen

Intro Anniken TikTok 9x16.mp4

Er det noko du vil vi skal vera med på?

Powered by Labrador CMS