På sak: Vonleg handlar drøftingane mellom partane internt på rådhuset meir om sjølve utfordringane dei tillitsvalde sette ord på, enn det som var tilfellet i formannskapet torsdag.

Uheldig avsporing i ei svært viktig sak

Kommunedirektøren vart torsdag konfrontert med HTVs uttalar om nedskjeringane i kommunen.

I formannskapet torsdag vart kommunedirektøren beden om å gjera greie for sitt syn på det som kjem fram i Os & Fusapostens intervju med fagforbundets to tillitsvalde, Trond Solholm og Siw-Ingrid Kaland.

Les også
Hovudtillitsvalde om kommunale nedskjeringar: — Smertegrensa er passert

Diskusjonen som følgde vart dessverre - i for stor grad - prega av ei unødvendig avsporing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har ved fleire høve skrive om Bjørnafjorden 22 og nedskjeringane. Ofte har sakene vore frå politikarar og administrasjonens ståstad - gjennom vår dekking av politiske møte.

Intervjuet med dei tillitsvalde gav eit etterlengta innblikk i deira oppfatning av den krevjande prosessen. I saka vert ei rekkje vesentlege moment sett frå arbeidstakarane si side, tekne opp. Moment som hadde fortent ei konsentrert og sakleg drøfting i formannskapet torsdag.

Les også
Reagerte sterkt på avisas framstilling av tillitsvald-sak: Kjende seg ikkje att

Då er det synd at essensen i saka delvis forsvann i ei malplassert drøfting kring avisas framstilling.

Christian Fotland kommenterte at både han og fleire i administrasjonen vart overraska over måten saka framstod i avisa. Han sa også at den delen av saka som omhandla fryktkultur, ifølgje Fagforbundet er «teken ut av samanhengen og blåst ut av proporsjonar».

Her kan du sjå saka (sak 24/2021) på kommune-TV.

– Det var ingen som kjende seg att. Det kan vera eit spark til avisas journalist som gjer dette til noko det ikkje er, sa kommunedirektøren.

For ordens skuld; både dei tillitsvalde og kommunedirektøren fekk «saka si» til gjennomlesing med høve til korrigeringar.

Les også
Kommunedirektøren: — Om vi har ein fryktkultur, må vi gjera noko med det
Les også
Ordføraren til hovudtillitsvalde: — Mi dør er alltid open

At fryktkultur-uttalen vart ei eiga sak, var viktig og riktig journalistisk. Det ville vore unaturleg å la vera. Det var også på sin plass å opna for kommunedirektørens imøtegåelse av desse påstandane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avisa skal tola mykje kritikk, media stiller kritiske spørsmål sjølv, men i dette tilfellet vert det usakleg og for «lettvint» å bruka avisas framstilling. Og viktigare; det gjorde at momenta som vart løfta fram av dei tillitsvalde, delvis kom i skuggen.

Vonleg handlar drøftingane mellom partane internt på rådhuset meir om sjølve utfordringane dei tillitsvalde sette ord på, enn det som var tilfellet i formannskapet torsdag. Det er viktig for den vidare prosessen.