DEBATT
Eit viktig steg mot betre ferjekapasitet på Hatvik–Venjaneset
Torsdagens vedtak gjev grunn til optimisme.
Torsdag handsama Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune saka om ekstra ferjekapasitet på Hatvik-Venjaneset.
Innstillinga om å setja inn reserveferja MF Solskjel som ferje nummer to i sambandet, vart samrøystes vedteke.
Det er positivt, og eit stort steg vidare for auka kapasitet i sambandet.
Altfor lenge har pendlarar, næringsliv og andre reisande opplevd lange ferjekøar og blitt ståande att på kaien.
Difor er det svært gledeleg at fylkespolitikarane no tek utfordringane på alvor, og ønskjer å finna løysingar som kan gje betre kapasitet på sambandet fram mot nytt ordinært ferjeanbod i 2030.
Bjørnafjorden kommune, Framo Fusa og lokalt næringsliv har over tid arbeidd aktivt for å få på plass strakstiltak, og vi er glade for at saka no er komen eit viktig steg vidare.
Diverre stemte berre Frp i mot å delfinansiera kapasitetsauken med høgare ferjetakstar.
Uansett har vi no klåre forventningar til at samarbeidspartia i Vestland fylkesting – Ap, SV, MDG, Sp, Venstre og KrF – følgjer opp det positive vedtaket og sikrar nødvendige løyvingar i fylkesbudsjettet for 2027.
Det vil vera eit viktig og konkret bidrag til å betra kvardagen for innbyggjarar og næringsliv i Bjørnafjorden.
Ferjesambandet Hatvik-Venjaneset er ein viktig del av infrastrukturen i regionen vår, og det største fylkesferjesambandet i Vestland.
God framkomst og føreseieleg transport er avgjerande både for busetnad, arbeidsplassar og vidare utvikling av Bjørnafjorden.
Torsdagens vedtak gjev grunn til optimisme. No må vi saman sørgja for at gode intensjonar blir omsette til eit konkret tiltak i fylkesbudsjettet for 2027.
Her må alle lokalparti i Bjørnafjorden på banen for å påverka sine fylkespolitikarar i budsjettarbeidet.
Terje Søviknes (Frp)
Ordførar i Bjørnafjorden kommune