Når svaret frå den øvste politiske leiinga i staden viser til ein samtale på ordførarkontoret, kan det senda uheldige signal.

DEBATT

Ytringsfriheten gjeld også kommunalt tilsette

Ein kommune som ønskjer openheit, tillit og medverknad, må også tola kritiske stemmer.

Ordførar Terje Søviknes skriv at han finn det krevjande å ta debatten med Åse Kristin Uglehus i lokalavisa fordi ho også er tilsett som mellomleiar i Bjørnafjorden kommune.

Han ønskjer heller ein direkte dialog over ein kopp kaffi på ordførarkontoret.

Det høyrest gjerne både hyggeleg og imøtekomande ut.

Men vi meiner svaret reiser eit langt viktigare spørsmål enn akkurat denne saka:

Kva rom har kommunalt tilsette til å delta i den offentlege debatten om kommunen dei arbeider i?

Ytringsfriheten gjeld nemleg også kommunalt tilsette.

Det er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp i Norge at arbeidstakarar har rett til å ytra seg i det offentlege rommet.

Når ein person blir tilsett i ein kommune, gir ein ikkje frå seg retten til å ha eigne meiningar, stilla kritiske spørsmål eller delta i den offentlege samtalen.

Delta i debatten i kommentarfeltet under.

Kommunalt tilsette er også innbyggjarar. Dei er fagfolk, foreldre, brukarar av kommunale tenester og samfunnsborgarar med rett til å engasjerea seg i utviklinga av lokalsamfunnet.

Tilsette har både rett og høve til å delta i den offentlege debatten, både som privatpersonar og i saker som gjeld eigen arbeidskommune.

Dette er ein viktig føresetnad for lokaldemokratiet, der ulike perspektiv, erfaringar og kritiske spørsmål må få koma til uttrykk.

Det er sjølvsagt forskjell på å uttala seg på vegner av kommunen og å uttala seg som privatperson.

Kommunalt tilsette har også teieplikt og ei lojalitetsplikt i arbeidsforholdet. Men lojalitetsplikta er ikkje eit generelt krav om å vera samd med leiinga eller politiske vedtak.

Sivilombodet har fleire gonger slått fast at offentleg tilsette har eit vidt rom for å ytra seg, også kritisk om eigen arbeidsplass og verksemda dei er ein del av.

Det er heller ikkje eit sakleg argument å avgrensa ytringar berre fordi dei skaper debatt eller fører til kritisk søkjelys på kommunen.

Det er nettopp slike ytringar eit levande demokrati treng.

Når ein kommunalt tilsett uttaler seg offentleg som privatperson, utan å visa til stillinga si eller uttala seg på vegner av kommunen, bør dette møtast med respekt for den demokratiske retten til å delta i samfunnsdebatten.

Når svaret frå den øvste politiske leiinga i staden viser til ein samtale på ordførarkontoret, kan det senda uheldige signal om at det er problematisk å ytra seg offentleg dersom ein også har ei rolle i kommuneorganisasjonen.

Vi i arbeidstakarorganisasjonane meiner difor det er grunn til å stilla spørsmål ved signala som blir sende når ein ordførar viser til den tilsette si rolle som grunn til at ein offentleg debatt blir vanskeleg.

For kva med den tilsette som opplever at tenestene blir svekte?

Den fagpersonen som meiner at politiske prioriteringar får uheldige konsekvensar?

Eller den mellomleiaren som sit tett på kvardagen og ser konsekvensane av vedtaka som blir gjort?

Skal desse stemmene i hovudsak takast inn på eit kontor bak lukka dører, medan den offentlege debatten blir overlaten til andre?

Ein samtale over ein kopp kaffi kan vera både nyttig og viktig. Men han kan ikkje erstatta den opne, offentlege samtalen.

Det er gjennom meiningsutveksling og kritiske spørsmål at vi får eit betre grunnlag for å forstå utfordringane og finna gode løysingar.

Det handlar heller ikkje om at kommunalt tilsette skal kunna seia kva som helst, utan ansvar.

Det handlar om at dei skal kunne ytra seg som sjølvstendige borgarar utan å måtte frykta at arbeidsforholdet eller stillinga deira blir brukt som eit argument mot dei.

Ei slik handtering kan bidra til å svekkja tilliten til at det er rom for kritiske og sjølvstendige røyster i kommunen vår.

Dette handlar derfor ikkje berre om ei konkret ytring eller ein enkeltperson, men om kva slags ytringsklima vi ønskjer å ha i Bjørnafjorden kommune.

Ein kommune som ønskjer openheit, tillit og medverknad, må også tola kritiske stemmer.

Ja, kanskje særleg frå eigne tilsette. Dei kjenner tenestene frå innsida og sit ofte med kunnskap som er viktig for både politikarar og innbyggjarar.

Ytringsfriheten blir ikkje mindre viktig fordi ein er kommunalt tilsett. Han blir kanskje endå viktigare.

Som ei samla hovudtillitsvaltgruppe ønskjer vi å understreka vår støtte til Uglehus og andre arbeidstakarar som nyttar retten sin til å delta i den offentlege debatten.

Vi meiner det både er viktig og nødvendig at tilsette i kommunen kan bidra med sine perspektiv, erfaringar og synspunkt i saker som påverkar lokalsamfunnet.

Ytringsfrihet er ikkje berre ein individuell rett, men også ein viktig føresetnad for demokratiet og utviklinga av gode kommunale tenester.

Difor bør spørsmålet ikkje vere kvifor ein kommunalt tilsett vel å ytre seg offentleg.

Spørsmålet bør vera korleis vi kan skapa ein kommune der det er trygt og naturleg å gjere nettopp det.

For ein open kommune må tole ein open debatt.

 

Siw-Ingrid Øpstad Kaland, Trond Olav Solholm, Jan Åge Hauge

Fagforbundet

Svanhild Haaland Riise, Ove Snilstveit Berge

Utdanningsforbundet

Anne- Grethe Pedersen, Marita Snilstveit

Delta

Cathrine Johannessen Røsland

Norsk Sykepleierforbund

Hilde Anita Henriksen Kibsgaard

Nito

Kristi Ane Lyssand Klepsvik

FO

Nora Elisabeth Nilsen

Norsk ergoterapeutforbund

Velkomen til kommentarfeltet. Vi vil høyra di meining. Bruk fullt namn.

Les reglane våre for kommentarfeltet.

Powered by Labrador CMS