DEBATT
Meir enn eitt utdanningstilbod står på spel
Fusa vgs kan miste både den studieførebuande linja og TAF/YSK. Kva vil det ha å seie for ungdommen, næringslivet og framtida til lokalsamfunnet vårt?
Administrasjonen til Vestland fylke føreslår no å fase ut YSK-tilboda (tidlegare TAF) ved Fusa vidaregåande skule.
I Os & Fusaposten har det vore fleire debattinnlegg som har kritisert dette forslaget, og det er så bra at dei ulike partia har vist si støtte til Fusa vgs i denne saka.
Det som er viktig å få fram er at det også er eit forslag frå administrasjonen om at skulen ikkje får starte opp den studieførebuande linja.
Det er viktig at skulen kan ha to studieførebuande linjer for å ha eit breitt tilbod til ungdommar i regionen.
For to år sidan la fylkeskommunen ned den studieførebuande linja med kunst, design og arkitektur som programfag ved Fusa vgs.
I staden for denne linja fekk skulen ei rein studieførebuande linje. Denne linja har som forventa ikkje fått like mange søkjarar som då vi hadde studieførebuande linje med KDA.
Skulen står klar til å starte opp studieførebuande med business, med programfag innanfor entreprenørskap og bedriftsutvikling, næringslivsøkonomi og marknadsføring og leiing.
Forslaget frå fylkesadministrasjonen skal til politisk behandling allereie 17. november, og forslaget inneber at heller ikkje det planlagde studieførebuande tilbodet med business får setje i gang.
Om forslaget blir vedteke, vil det få store konsekvensar for Fusa vidaregåande skule.
Vi forstår at fylkeskommunen står ovanfor økonomiske utfordringar. Offentlege pengar må brukast ansvarleg, og vanskelege prioriteringar må nokon gonger takast.
Men økonomiske innsparingar må også vurderast opp mot konsekvensane. Å kutte dei to einaste studieførebuande linjene på ein distriktsskule, har store konsekvensar.
Er dei langsiktige følgjene for ungdommen, næringslivet og lokalsamfunnet godt nok undersøkt?
Ein distriktsskule er meir enn ein utgiftspost
I Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring 2025–2035 frå fylkeskommunen, vert det understreka betydninga av å vidareføre ein desentralisert skulestruktur.
Det står uttrykkeleg at skulen i distrikta er ein viktig hjørnestein i lokalsamfunnet.
Planen legg også vekt på at ungdom skal ha moglegheit til å gå på skule nær heimplassen, og at utdanningstilboda i størst mogleg grad skal tilpassast behovet som arbeidslivet har for kompetanse, både no og i framtida.
Både målet om å ha ein desentralisert skulestruktur og om at ungdom skal kunne gå på skule nær heimplassen og tilpasning til behova til næringslivet er noko som vi støttar fullt ut.
Når administrasjonen i fylkeskommunen no foreslår å leggje ned studieførebuande linje og TAF/YSK bryt dei med begge desse målsetningane.
Det er svært viktig for både elevar og for det lokale næringslivet at Fusa vgs får behalde dei to linjene.
Fusa vidaregåande skule har eit tett samarbeid med det lokale næringslivet, noko som gjer at vi kan tilpasse opplæringa til kompetansebehova i arbeidslivet.
Næringslivet har behov for både elevar med fagbrev og elevar med kompetanse innan økonomi og innovasjon.
Mange av elevane som har meldt seg på hospitering på Fusa vgs er nysgjerrige på den studieførebuande linja med business.
I tillegg til dette har elevane som tilsette har møtt på ungdomsskular og utdanningsmesser denne hausten gitt uttrykk for interesse for den studieførebuande linja med business.
Vi treng også arbeidsplassar for dei med høgare utdanning
Ein skule er ikkje berre eit bygg med klasserom og elevar. Den er ein møteplass, ein arbeidsplass og ein viktig del av livet i distrikta.
Når utdanningstilbod forsvinn, påverkar det langt fleire enn dei som går på skulen i dag.
Fusa vidaregåande skule betyr mykje for ungdommen og næringslivet, men skulen har også ei anna viktig rolle som vi ikkje må gløyma.
Skulen er ein arbeidsplass for lærarar og andre tilsette.
Skal vi ha levande bygder, må det vere mogleg å behalde kompetanse og finne arbeid her, også for dei som har teke utdanning ved høgskular og universitet.
Vi snakkar ofte om kor viktig det er å få ungdom til å bli buande i distrikta. Men då må vi også sørge for at det finst arbeidsplassar dei kan komma tilbake til.
Dette handlar ikkje berre om kva for utdanningstilbod som skal stå på eit budsjettark neste år.
Det handlar om kva for moglegheiter vi ønskjer å gje ungdommane våre – og kva for framtid vi ønskjer for distrikta!
Tilsette ved Fusa vidaregåande skule