No skal kommunen vår laga ny arealplan (KPA). Det høyrest kanskje teknisk ut, men i røynda handlar det om noko av det viktigaste ein kommune gjer.

DEBATT

Korleis vil du at Bjørnafjorden skal sjå ut i framtida?

Kva gjer ein stad til ein god stad å bu? Kvifor vel folk å flytta hit – og kva får dei til å bli?

For mange som har valt Bjørnafjorden, er svaret knytt til det som omgjev oss: Fjordar, fjell, skog og det opne kulturlandskapet. 

Naturen er ikkje berre vakker – han er ein grunnstein i livskvaliteten vår.

No skal kommunen vår laga ny arealplan (KPA). Det høyrest kanskje teknisk ut, men i røynda handlar det om noko av det viktigaste ein kommune gjer: Å bestemma kva areal som skal brukast til bustader og næring, og like viktig: Kvar natur og kulturlandskap skal få vera i fred. Med andre ord: Ein plan som angår alle.

God arealplanlegging avgjer om ungane våre kan gå trygt til skulen. Det avgjer om vi har tilgang til grøne lunger og friluftsområde i nærleiken. Det avgjer om vi må bruke bil til alt, eller om vi kan gå eller sykla til butikken. Det avgjer om vi tek vare på matjorda, strandsonene og det biologiske mangfaldet som gjer kommunen vår til den han er.

No nærmar fristen for innspel seg (15. februar) og Miljøpartiet Dei Grøne i Bjørnafjorden inviterer difor til ope medlemsmøte om kommuneplanen sin arealdel. Vi inviterer interesserte innbyggjarar til å vera med og diskutera korleis vi kan planleggja for gode kvardagsliv, samstundes som vi tek vare på naturverdiane som gjer kommunen vår attraktiv.

Møtet søndag 8. februar på rådhuset, krev ingen forkunnskap om kommunalt planarbeid. Vi inviterer alle som bryr seg om korleis Bjørnafjorden skal utvikla seg – anten du er medlem i MDG eller ikkje.

Framtida til Bjørnafjorden vert forma no. Ver med og sei di meining!

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden

Powered by Labrador CMS