
DEBATT
Kva med oss som jobbar på Fusa bu- og behandlingssenter?
Personalet opplever tristheit og motløyse over situasjonen med stengte rom på FBBS.
Dette gjeld spesielt det tverrfaglege teamet på korttid-rehabiliteringsavdelinga, då det var denne avdelinga som måtte stengja seks rom og eitt ØH- rom (øyeblikkelig hjelp rom).
Vårt ynske er pasientar på alle rom og at me er nok personale med rett kompetanse.
Les også:
Det er viktig for oss å formidla at me har eit godt arbeidsmiljø, og at dette ikkje er grunnen til at me manglar personale. Som plasstillitsvalgte i Delta, Fagforbundet og NSF ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS), vil me belysa situasjonen rundt nedbemanningen, for å unngå at det oppstår rykte.
Me har god kompetanse og personell med lang erfaring på FBBS: På korttid-rehabavdeling - eit tverrfagleg team, på langtidsavdeling og miljøavdeling sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistenter og vikarar.
Men me er for få med kompetanse i forhold til planlagt bemanning på dag/kveld/natt og helg.
Det er høgt sjukefråvær på FBBS. Kva kan grunnen vera?
1. Nedbemanning - på grunn av dårleg økonomi i kommunen frå november 2023, der alle avdelingar på dag, kveld og natt har måtta vera færre på arbeid der me samtidig skal gje pasientane forsvarleg helsehjelp utifrå deira ynske og behov.
2. Konsekvensar med langvarig stress og slitasje på personalet, som igjen har ført til helseproblem og sjukemeldingar. Helsefagarbeidarar og assistentar har i tillegg hatt kortare arbeidsdagar (på grunn av innsparing) som medfører tap av fridagar.
3. Ein del av personalet har arbeidd i helsevesenet i mange år, enkelte opp mot 40 år. Med alderen opplever ein del ulike plager etter belastning over tid. Til dømes smerter etter slitasje i kroppen og søvnvanskar. Korleis få desse helsearbeidarane med god kompetanse og erfaring til å halda fram i yrket, i staden for å ta ut tidleg pensjon?
4. Utfordring å få unge sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til å søkja på stillingar. Dei søkjer seg ofte til sentrale strøk, til sjukehus, og unge som er under utdanning uttrykker at dei ikkje ynskjer å binda seg til ei fast stilling. Fleire av dei forklarer at det då er vanskelegare å kombinera med utdanning, når dei til dømes er i praksis. Dei vil ha frihet til å ta vakter når det passar dei, det er lett å få vakter likevel. Dette viser igjen då det er 15 ledige helgestillingar.
Det er til ei kvar tid helsefaglærlingar på FBBS, i periodar sjukepleiarstudentar og fysioterapeutstudentar i praksisperioder. Då har me ansvar for å gje dei eit godt og trygt læringsmiljø, der me gjev rettleiing og støtte undervegs.
Det er viktig at desse lærlingane og studentane får eit best mogleg innblikk i korleis helsevesenet fungerer, for at dei skal ynskja å halda fram i helsevesenet etter fullført utdanning.
Då kan det vera negativt dersom dei ser at me er slitne, demotiverte og vurderer å slutta i yrket. Med bakgrunn i dette opplever me at det er få nyutdanna helsefagarbeidarar som vel å halda fram i arbeid ved FBBS.
Kva kan gjerast med dette? Ha fokus på høgare løn til faste tilsette og ved nytilsetjingar. Inngå avtalar med sjukepleierstudentar og helsefaglæringar om ekstra løn under utdanning, mot bindingstid i kommunen.
Å måtta bruka byrå for å ha forsvarleg helsehjelp, kostar svært mykje for kommunen. Då kan heller dei faste tilsette få høgare løn.
Auka grunnbemanning, reversera det som blei nedbemanna, same grunnbemanning som tidlegare og betre løn til fast tilsette og ekstra tillegg til nytilsette.
Ann-Kristin M. Fredriksen
PTV Delta
Rita Helen Undheim
PTV Fagforbundet
Marit Holdhus Bang
PTV NSF