Lærdom: Eg oppmodar alle som roper på fakta og kunnskap om å oppsøka meir av det sjølve. Det er ikkje berre borna i skulen som har noko å læra.

Stråmenn og stråkvinner av alle kjønn

Verda er kompleks, samfunnet er komplekst, vitskapen er kompleks og folk er komplekse. Vi vert ikkje klokare av å sjå snevert på biologi og gløyma andre vitskapar og jus.

Det er nesten ingen som nektar for at menneske har to biologiske kjønn, mann og kvinne. Dette til trass for at det biologiske aspektet av menneskeleg kjønn omfattar ulike fysiologiske kjenneteikn som ytre kjønnsorgan, kjønnskjertlar, hormon og kromosom. Det er biologisk komplekst og kan koma til uttrykk på ulike vis, men i hovudsak kan eit menneske kategoriserast som eit av to kjønn.

Samtidig finst det også menneske som har biologiske element av begge kjønn, og menneske som ikkje kan produsera korkje sæd- eller eggceller, og i dyrelivet elles finst det både fleire biologiske kjønn og artar som skiftar kjønn halvvegs i livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er ikkje det som er utfordringa her. Først etterspurte kommunestyrerepresentant Magne Djuvik, og no også Jakob Enerhaug, at undervisning i skulane våre skal vera bygd på “fakta, vitskap og biologi”. Dette er vel og bra. Eg er heilt einig. Ja til fakta og vitskap i skulen.

Men vitskap er mykje meir enn biologi. Det finst òg fag som psykologi og sosialantropologi. Verda er kompleks, samfunnet er komplekst, vitskapen er kompleks og folk er komplekse. Vi kan ikkje vedta oss bort frå kompleksitet. Forøvrig er det staten som har ansvar for pensum, ikkje kommunen.

Les også
Ba kommunen om å «tydeleg anerkjenna naturens to kjønn». Vart kalla mørkemann og kunnskapslaus

I det daglege er det vel knapt nokon som først og fremst identifiserer seg med biologien dei er prisgitte. Vanligvis forstår vi oss sjølve i relasjon til andre, vi forstår oss sjølve og andre gjennom situasjonar og roller. Vi forstår ikkje oss sjølve først og fremst som biologi (med unntak, t.d. når vi er svoltne, tissetrengte eller i fødsel. Då er biologien i førarsete). Vi er ikkje først og fremst kjøtt, flesk, bein, hårvekst, innover- eller utovertiss. Vi er først og fremst sosiale og relasjonelle skapningar.

Les også
Kan ikke stå uimotsagt. Da kan det fort bli mørkt
Les også
Verkar som målet er å stigmatisera og ta Djuvik heller enn å argumentera sakleg

Og vi lever i eit samfunn som er styrt av lover og reglar. Styrt av jus.

Når Arbeidarpartiet, eller mitt eige parti Miljøpartiet Dei Grøne, vil innføra ein tredje kjønnskategori, er det juridisk. Det er ikkje eit tredje biologisk kjønn som skal innførast. Ingen skal operera nye, tvekjønna løysingar på ungdomane våre, det er ikkje det som er prosjektet. Det er snakk om ein juridisk kategori. Slik at dei som ikkje føler seg heime i nokon av dei eksisterande kategoriane “mann” eller “kvinne” kan få lov til å uttrykka det for eksempel i passet sitt og i personnummer. Det er ei samfunnsutvikling som stør at folk skal få velja sjølve kva som er viktig for dei det gjeld.

Kjønnsdysfori er heldigvis eit bittelite fenomen i samfunnet. For dei det gjeld, er det slitsamt å stadig både oppleva dette, og å måtta forsvara seg sjølve og forklara seg for folk som ikkje har same utgangspunkt eller kunnskap.

Les også
Ikke hør på mørkemenn

Vi må forsøka å henga med i alle faga. Det har skjedd mykje i samfunnsvitskapen dei siste tiåra når det kjem til kjønn som sosial konstruksjon. Historiefaget fortel om tallause grufulle hendingar som har krenka - og som mange stader framleis krenkar - menneskeverdet og livet til seksuelle og kjønnsskeive minoritetar. Språket er i utvikling med hen og dei i tillegg til ho og han, skeiv og streit, cis og trans, demigender og aseksuelle og eg veit ikkje alt. Det er mykje å sette seg inn i.

Les også
Det får da være grenser!

Av respekt for dei det gjeld, og med kunnskap om at eg sjølv ikkje opplever alt som er å oppleva med ein kropp, ønsker eg å la alle menneske leva liva sine som dei vil og definera seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg oppmodar alle som roper på fakta og kunnskap om å oppsøka meir av det sjølve. Det er ikkje berre borna i skulen som har noko å læra. I Bjørnafjorden ser det ut til at vi treng meir vaksenopplæring.

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne

Les også
Kampen om å være et menneske