DEBATT
Tankar og spørsmål etter siste møtet i kommunestyret
Det skjedde urett under møtet, slik eg opplevde det.
Bjørnefjorden kommune har ei flott ordning som heiter kommune-TV.
Der kan alle følja debattane i dei politiske møta som tar avgjerder som er viktige for oss alle.
Slik var det også torsdag den 29. oktober. Då møttest kommunestyret mellom anna for å ta avgjerd i sak nr 110/2026 om høghotellet.
Etter debatten i kommunestyret utfordrar vi no ordføraren til å svara offentleg på nokre særs viktige spørsmål for framtida til Osøyro og Bjørnafjorden kommune.
Sjølv orka eg ikkje sitja i kommunestyresalen og høyra på debatten i denne saka. Eg er slik laga at om det vert sagt eller gjort noko som eg meiner ikkje er rettvist, då klarar eg ikkje halda munn.
Og det skjedde urett under møtet, slik eg opplevde det. Derfor var det bra at eg var heime og følgte debatten på lommune-TV.
For i debatten sa ordføraren at denne saka starta i 2012. Det er i beste fall ei halv sanning. Alle veit no at den starta i København i 2008, under ein studietur dit.
Der var også hotelldirektør Smørås med, og tanken om eit hotell i tilknytning til Oseana vart diskutert. Resten av historia kjenner vi.
Vi er fortsatt også i stuss om kvifor ein hotelldirektør var med på denne turen – eller var han tilfeldigvis berre på same staden då kulturutvalet var på studietur? Kanskje ordføraren kan svara på det?
Eg vart også forundra over at ordførar Søviknes tydeleg vart oppøst då representanten Sperrevik spurde om det fantest nokon avtale han ikkje var klar over.
Alle kan ha lov å tenka at ein på denne studieturen til København vart einige om at eit slikt prosjekt Oseana/hotell ville ein arbeida for.
Det er heilt lovleg å ha idear og visjonar som ein vil arbeida for.
I debatten om høghotellet sa ordføraren at det hadde vore stor motstand mot bygginga av det flotte kulturhuset vårt Oseana den gongen det vart planlagt, altså i åra 2008/2009.
Eg kunne ikkje hugsa det, men er jo gamal no. Derfor har eg sett på alt som er skrive i Os & Fusaposten om den saka desse åra.
Eg må ta atterhald om at eg ikkje har fått med med alt, men her er det eg fann:
Det var debatt om finansieringa. Ordførar Søviknes klaga over at Trond Giske, som då var kulturminister, ikkje ville støtta prosjektet. Han meinte at Giske hadde Giske det. Det kom også fram i pressa at der var skepsis i Os Frp.
2. Der var om lag like mange positive ytringar som negative.
3. Ytringar som er negative drar fram:
a) Fare for at idretten skal få mindre støtte.
b) At Oseana vil øydeleggja for bruken av Mobergsvika
4. Tilhengarar av Fjellheim er positive til ein ny kulturarena.
Alt i alt sit eg igjen med eit inntrykk av at det var motstand, men at den fyrst og framst var i Frp, ordføraren sitt eige parti.
Det stemmer jo også godt med at Frp meiner at det offentlege ikkje skal bruka mykje pengar på anna kulturarbeid enn støtte til idrett.
Vi er sjølvsagt takknemlege for at ordføraren og Frp likevel gjekk inn for Oseana.
Kulturhuset vart jo trass alt støtta med nesten 100 millionar av Elna og Per Grieg. Slike gåver er det vanskeleg å seia nei til!
Sidan nesten alle no er stolte av Oseana, meinte ordføraren at alle i Bjørnefjorden som er i mot høghotellet, vil vera stolta av dette bygget når det har gått nokre år. Der er vi nok ikkje einige.
Den gongen Oseana blei til, måtte han først og fremst overtyda sine eigne. Dei fleste som er i mot høghotellet høyrer nok ikkje til den flokken.
Spørreundersøkinga vår viser også at vi er mange som er av ei anna meining enn ordføraren i hotellsaka.
Vedtaket i kommunestyret i Os i 2008 om å byggja Oseana var samrøystes. Det er ikkje vedtaket om høghotellet no i 2026.
Vi er i tvil om kva dette vedtaket innebærer.
Slik vi tolkar det, trur vi planen er at utbyggarane kjøper seg fri frå halve kravet om 120 parkeringsplasser. Så må kommunen skaffa desse plassane og 31 til som Oseana mistar.
Plassane må vera mindre enn 600 meter frå hotellet. Når kommunen har skaffa nok areal, og har ein plan for korleis parkeringa blir der, då kan utbyggarane starta arbeidet med hotellet.
Dei kan ikkje opna hotellet før parkeringa er på plass. Er dette rett tolka, og kva tid ser ein for seg at utbyggarane kan koma i gang på hotelltomta om dei ikkje vært stoppa av Statsforvaltaren?
Vi ventar at ordføraren vil svara oss og alle andre i bygda på dette.
Vi skreiv alt i første innlegget vårt om «Skammens vegg» at vi vil kjempa med alle lovlege midlar mot dette prosjektet. Dette har ikkje endra seg.
Vedtaket i kommunestyret vert klaga og anka på. Vi oppmodar også alle dei som ikkje har nokon som ankar for dei, til å anka sjølve.
Då mister dei ikkje retten til å gå til søksmål om erstatning, om planene vert ein realitet.
Slikt søksmål vil blir vurderte om bygginga vert sett i gang. Då tar vi stilling til dette.
Det finst no døme i Noreg på at andre som er i liknande situasjon, har fått erstatning. I tillegg har Noreg underteikna nokre nye direktiv i EU som omhandlar borgaranes burettar.
Vi reknar med at vi har god finansiering til eit søksmål om mange nok er med. For ordens skuld. Vi bløffar aldri. Men på nytt, dette har vi ikkje tatt stilling til ennå.
Knut Natvik
Styreleiar
Foreninga Midtskogen vel