Carl Fossdal Tveit (t.h.) og Steinar Jarle Stene - elevrådsleiarar på Fusa vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule.

DEBATT

Skatten fylkesdirektøren vil begrave

Kva tenkjer elevar i 10. klasse, når dei føre høyre at draumelinja deira står i fare for å forsvinne?

På vegne av elevråda på Fusa vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule.

I saka Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2027/2028 føreslår fylkesdirektør Robert Rastad å leggje ned TAF/YSK-linjene på Fusa og Måløy vidaregåande skular.

Vi ser på det føreslegne kuttforslaget både undrande og kritiske. Har fylkesdirektøren gløymd kva verdiar TAF/YSK-modellen bles inn i lokalsamfunna?

Først og fremst er dette ikkje første runde i debatten. For berre to korte år sidan vart same kutt føreslått.

Skulane, elevråda og andre samarbeidspartnarar lyt ta same kamp om att og om att.

Det gjev linjene eit ustabilt grunnlag, noko som råkar søkarar, lærarar og skulane jamt over.

Kva tenkjer elevar i 10. klasse, når dei føre høyre at draumelinja deira står i fare for å forsvinne?

Kort sagt tilbyr TAF/YSK utrulege moglegheiter for elevane i fylket.

På dei tre skulane med tilboda går det dyktige elevar frå mange kommunar i Vestland.

Elevane som elles gjerne hadde gått studieførebuande linjer, får ein inngangsbillett til fagutdanning og viktige næringar for fylket.

På berre fire korte år fullførar så godt som alle elevane med fagutdanningar og spesiell studiekompetanse – eit utruleg godt resultat i forhold til andre linjer i fylket.

Vidare tek mange elevar høgare utdanningar etter løpet. Dei vert ikkje berre ettertrakta, men gull verdt i arbeidsmarknaden.

TAF/YSK-linjene er også ressursar på kvar einskild skule, og bidreg til ein styrkt og variert kompetansekultur blant dei tilsette.

Når det i same saksdokument ligg føre kutt i den studieførebuande linja på Fusa, vil ein stå att med tomme klasserom og arbeidslause lærarar.

Då døyr tilboda på skulane fullstendig.

Kuttar ein ut TAF/YSK slik det ligg føre no, tapar både elevar, skular og næringslivet i lokalmiljøa enormt. Då tapar Vestland mykje meir enn dei sparar!

Vi i elevråda på Fusa og Måløy vidaregåande skular står støtt om at TAF/YSK-linjene bør bevarast.

På Fusa vidaregåande skule har modellen vore operativ i over 30 samanhengande år. Dette indikerer at linjene har vorte godt tekne imot, og fungert nett som tiltenkt.

Utdanningsmodellen er derimot framleis klassifisert som ei prøveordning, noko som set linjene i konstant fare for kutt og reduksjonar.

Fleire av skulane sine samarbeidspartnarar har sett seg lei av dette. Det har vi òg.

No lyt vi i første rekkje verne skulane frå kutta – så kjempe vidare for å spikre fast tilbodet på skulane i fylket.

I den siste perioden har vi i elevråda hatt kontakt med ei rekkje politikarar og samfunnsdebattantar angåande kutta.

Vi set stor pris på engasjementet blant dei politiske partia som ønskjer å verne tilboda. Vi vonar at desse også vil sikre TAF/YSK vidare.

Vi venter spent på vedtaket på møtet i hovudutvalet for opplæring, kompetanse og tannhelse på tysdag 17. november.

Vi kan ikkje gjere anna enn å krysse fingrane.

Carl Fossdal Tveit

Steinar Jarle Stene

Elevrådsleiarar på Fusa vidaregåande Skule og Måløy vidaregåande skule

Powered by Labrador CMS