DEBATT

Vestland viser veg – med rekordinnsats for kreftsaka
Engasjementet i Bjørnafjorden kommune har vore heilt enormt.
Sidan 2006 har titusenvis av skuleelevar ved vidaregåande skular i heile Noreg og andre frivillige bidrege til å samla inn pengar til Kreftforeningens Innsamlingsaksjon.
I aksjonen i år har me samla inn nesten 45 millionar kroner til kreftforsking i Noreg, og kvar sjette innsamla krone kjem frå Vestland fylke.
Me i Vestland fylke kan sjå tilbake på ein aksjon som har slått alle rekordar. Takk vera eit enormt engasjement frå elevane ved Os gymnas og Os vidaregåande skule, og ikkje minst alle dykk som har støtta aksjonen i Bjørnafjorden kommune, har me samla inn eit rekordbeløp på nesten åtte millionar kroner i Vestland fylke.
Det er ny noregsrekord. Aldri før har eit fylke bidrege med så mykje til Kreftforeningens Innsamlingsaksjon.
Faktisk er det slik at kvar sjette innsamla krone i aksjonen i år kjem frå Vestland fylke.
Pengane som blir samla inn, går til å sikra at alle pasientar som kan ha nytte av gentesting, skal få tilbod om dette. Ei slik genetisk kartlegging av svulsten kan avdekkja genfeil som det finst målretta behandlingar mot, og som kan forbetra livskvaliteten, forlengja livet eller gjera pasienten kreftfri.
I tillegg kan gentesten gi viktige svar på kva behandlingar som ikkje vil fungera. Dermed kan me spara pasienten for unødvendige og belastande forsøk. Det er dette du bidreg til når du støttar Kreftforenignens Innsamlingsaksjon.
Engasjementet i Bjørnafjorden kommune har vore heilt enormt. Ein spesiell takk går til russen og elevane ved Os Gymnas, Os vidaregåande og Fusa vidaregåande som verkeleg har stått på for kreftsaka i år.
Dei har gått dør-til-dør aksjon, og det vart i tillegg gjennomført skuleløp på Os vidaregåande og Os gymnas.
Totalt har me samla inn kr 194.587, nesten åtte kroner per innbyggjar i Bjørnafjorden.
Desse pengane vil bidra direkte til at fleire kreftpasientar vil få tilgang på gentesting av svulsten sin.
Os vidaregåande samla inn 87.006 kroner, Os Gymnas samla inn 58.408 kroner og Fusa vidaregåande samla inn 49.173 kroner.
Tusen takk for innsatsen. De har verkeleg vist at medmenneskelegheit og solidaritet lever i beste velgåande blant ungdomen.
Og så vil me retta ein stor takk til alle dykk som har støtta aksjonen – med store eller små beløp. Utan dykk hadde me jo ikkje samla inn ei einaste krone, så tusen, tusen takk.
Saman gir me håp til dei som treng det mest.
Geir Vangsnes
Regionleiar
Kreftforeningen i Vestland