176: Kommunen opplyser at det vart teke 176 testar på teststasjonane sist veke. (Arkivfoto)

21 nye smittetilfelle sist veke. Éin skuleklasse har fått oppmoding om å testa seg

Det blei registrert 21 nye smitta i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk.

Det opplyser kommunen måndag ettermiddag.

– Ingen av dei smitta er alvorleg sjuke, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
13 nye tilfelle i Bjørnafjorden sist veke. Har påvist smitte ved fire barneskular

Dei 21 tilfella er:

* Fem barneskuleelevar. To har vore på skulen i smittsam fase. Éin klasse har fått oppfølging med oppmoding om å testa seg.

* Seks ungdomsskuleelevar: Fire smitta ved éin skule, éin ved ein annan i Bjørnafjorden og éin elev ved ein ungdomsskule i ein annan kommune. Alle dei tre berørte skulane og klassane er varsla.

* Elev ved vidaregåande skule i Bergen.

* Ni vaksne med kjend smitteveg. Éin er smitta i utlandet, åtte i husstanden. Fem av dei ni er fullvaksinerte.

Les også
Oppklarer misforståing: — Teststasjonane er sjølvsagt framleis opne
Les også
Åtvarar mot fallgruve ved heimetestane: - Om ein ikkje gjer dette rett, kan ein få misvisande svar

176 testar

Kommunen opplyser at det vart teke 176 testar på teststasjonane sist veke.

Kommuneoverlegen melder at det framleis er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år. Lågast vaksinedekning har personar mellom 25 og 39 år - og spesielt arbeidsinnvandrarar frå Polen og Litauen.

Les også
Utfordrande å nå målet for vaksinering av dei mellom 25 og 39 år. Peikar på fleire årsaker
Les også
Tredje vaksinedose til alle over 65 år: Slik går du fram