Atle Kvåle, okt 2026
Atle Kvåle har meldt seg ut av Arbeidarpartiet.

Bryt med Arbeidarpartiet etter 33 år: – Ikkje eit parti for meg lenger

Etter 33 år som medlem, melder Atle Kvåle (74) seg ut av Arbeidarpartiet. Han reagerer på den politiske utviklinga og retninga partiet har tatt, både på nasjonalt og lokalt nivå.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje lett å melda seg ut når du har vore medlem så lenge. Men eg vel det for å markera, og tek belastninga med det, seier Kvåle.

Tanken om å 'skilja seg' frå partiet, har vakse fram over tid, fortel Kvåle.

Det er ikkje éi enkelt sak som har fått han til å bryta med partiet. Det er resultatet av korleis han meiner Arbeidarpartiet har utvikla seg i feil retning.

– Då eg melde meg inn, var det mellom anna fordi Arbeidarpartiet alltid hadde vore oppteke av «dei som sit nedst ved bordet». Dei kjempa for dei. No opplever eg at dei som har størst utfordringar med å få løna til å strekkja til, ikkje blir møtte godt nok.

Peikar på straum, mat, renter og drivstoff

Kvåle trekkjer fram straumprisar, matprisar, renter og drivstoff som døme på utgifter som har fått stor betydning for økonomien til mange.

Han understrekar at det ikkje er regjeringa som fastset renta, men meiner den samla politikken likevel påverkar kva økonomisk situasjon folk står i.

– Det er ikkje alle som får løna til å strekkja til. Er du i arbeid, skal du ha ei løn du kan leva av. Det er faktisk folk i arbeid i dag som har utfordringar med dei tinga eg nemner, og som ikkje får pengane sine til å strekkja til.

Kvåle meiner Arbeidarpartiet ikkje har vist nok vilje til å møta situasjonen med konkrete tiltak.

– Når eg ikkje ser noka betring, og ikkje ser at Arbeidarpartiet har reell vilje til å koma folk i møte med politikken, har eg trekt den konklusjonen at dette ikkje er eit parti for meg lenger.

Særleg avgiftspolitikken har provosert han den siste tida. Han peikar på avgifter på bensin og diesel og moms på mat som område der han meiner partiet kunne ha gjort meir.

– Ein kan snakka om utgreiingar og tiltak på sikt, men det hjelper ikkje når rekninga ligg på bordet, seier Kvåle.

Kritisk til næringspolitikken

Næringspolitikk har vore ei hjartesak for Kvåle gjennom mange år i lokalpolitikken. Han har særleg vore oppteken av små og mellomstore verksemder, fortel han.

Det er nettopp desse som får det tøffast når rammevilkåra blir tøffare. Her meiner han også at Arbeidarpartiet «ikkje er til å kjenna att».

– Eg meiner Arbeidarpartiet skulle ha vore meir framoverlent i næringspolitikken. Gode vilkår for bedriftene er avgjerande for arbeidsplassar, for skatteinntekter og for å finansiera offentleg sektor.

Kvåle er også kritisk til distriktspolitikken til partiet sentralt.

– Eg meiner dei ikkje har vore flinke nok på distriktspolitikk i det heile. Det er ikkje tilfeldig at mange langs kysten hevar stemma. Det er tøffe vilkår.

Reagerte på INKA-saka

Men det er ikkje berre det som skjer i regjeringa i Oslo han er misnøgd med. Kritikken går også mot korleis Bjørnafjorden Arbeidarparti jobbar.

Kvåle trekkjer fram INKA-saka, og ei fersk votering i kommunestyret, som eit konkret døme på det han meiner er ei endring i næringspolitikken til partiet lokalt.

INKA ønskjer å utvida fiskeforedlingsfabrikken i Søre Øyane med større frysekapasitet, for å få jamnare og meir føreseieleg drift.

– Slik eg såg det, var det fem av seks Ap-representantar som røysta mot å gå til mekling med Statens vegvesen om utvidingsplanane til INKA.

Kvåle meiner partiet i staden burde ha støtta mekling og prøvd å finna eit kompromiss som kan opna for vidare utvikling av bedrifta.

– Eg veit at det er ei samansett sak, men bedrifta har vore der lenge. Det handlar om arbeidsplassar. Eg meiner vi må ha gode rammevilkår for næringslivet, seier han.

For Kvåle handlar saka også om kva signal lokalpolitikarane sender til næringslivet.

Den røynde politikaren viser også til at det, i mange andre eksempel tidlegare, har oppstått konfliktar mellom næringsinteresser, bustader, veg og offentlege motsegner, og meiner politikarane då må strekkja seg langt for å finna løysingar.

– Arbeidarpartiet i Fusa var veldig oppteke av næringslivet. Vi prøvde så godt vi kunne å få til løysingar, anten med våre eigne forslag eller gjennom gode kompromiss med andre parti. Eg har merka ei viss endring i det forholdet etter kommunereforma.

– For oppteke av å forsvara systemet

Kvåle legg ikkje skjul på at brotet med eit parti han har vore ein del av i meir enn tre tiår, sit langt inne.

Han seier han kunne ha valt å halda fram utan å seia noko, men at det ikkje ligg for han.

– Når du har vore med så lenge i politikken, har du meiningar. Eg kunne ha teke den lette vegen og berre segla med utan kommentarar. Men eg er slik samansett at eg meiner noko om det meste, seier han.

Kvåle har lufta synspunkta sine internt før han melde seg ut. Han seier lokalpartiet kjenner synet hans på mellom anna næringspolitikken, og at han har snakka med leiinga før avgjerda blei teken.

No held han fram som uavhengig representant.

– Alt er avklart. For å bruka fotballterminologi, er eg ein såkalla Bosman-spelar. Eg har ingen forpliktingar til gamleklubben, eller i dette tilfellet det gamle partiet.

Har forsøkt å trekkja seg litt tilbake

Kvåle fyller 75 år før jul og har tidlegare gjort forsøk på å trekkja seg meir tilbake frå politikken. Som ved førre kommuneval, då han stod oppført på sisteplass over kandidatane til Bjørnafjorden Arbeidarparti.

I dag er 74-åringen engasjert mellom anna i styret i Eikelandsfjorden IL og i idrettsrådet. Noko han stortrivst med. Om det er nok til å fylla tomrommet etter eit langt liv i politikken, er meir usikkert.

– Eg har prøvd å trekkja meg tilbake. Det er ikkje så lett. Eg har meiningar om alt.

– Har du sett til andre parti, som du meiner er meir på linje med deg og dine verdiar?

– Det kan henda. Men om eg kjem til å knyta meg til eit anna parti, får vi heller koma attende til – skulle det skje.

Powered by Labrador CMS